«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Om avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning



Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) vart oppretta 1. august 2007 då Høgskulen iverksette omorganisering med ny avdelingsstruktur. Avdelinga er delt i fire institutt: Institutt for realfag, Institutt for pedagogikk, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) samt Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, der ein òg finn Forskingssenter for skriftkultur som vart etablert i 2013. I tillegg utgjer lærarutdanningane ein stor del av denne avdelinga. For eit fullstendig oversyn over fagtilboda som dei ulike institutta tilbyr, vel du Fagmiljø og studietilbod i menyen til høgre.

AHL er den største avdelinga ved høgskulen og har omlag 100 tilsette og 900 studentar.
Avdelinga er lokalisert i Berte Kanutte-huset (BK) – 2. etg og i det nye Synnøve Riste-huset. Forskingssenter for skriftkultur er å finne i Lettbygget – 2. etg.

Dekan
Dekanen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga. Dekan er Arne Myklebust. Prodekan er Anne Øie, med eit særleg ansvar for EVU-verksemda ved AHL.
Kontorsjef
Kontorsjefen er administrativ og økonomisk nestleiar i avdelinga. Kontorsjef er Jon Arild Kvamme Sollid.

Studieleiar og studieprogramansvarleg
Det er studieleiarar på lærarutdanningane, og studieprogramansvarlege på alle halvårsstudium, årsstudium, bachelorprogram og masterprogram. Studieleiar/ studieprogramansvarleg har det utøvande ansvaret for at undervisninga og drifta av studiet er av god kvalitet.

Avdelingsråd
Avdelingsrådet er rådgjevande organ for dekanen og skal medverke til god dialog mellom avdelingsleiinga, dei tilsette og studentane. Rådet kan sjølv ta initiativ til å få saker på sakskartet og be avdelingsleiinga om å få dei utgreidde.
Rådet er sett saman av 3–5 fagtilsette på avdelinga, 1 administrativt tilsett, 2 studentar og 1–2 eksterne medlemer.