«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Studietilbod

 

 

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har mange spennande studietilbod for deg som ønskjer å ta lærarutdanning eller fagstudium.

Fagstudium
Vi kan tilby ei rekkje studium innan dei humanistiske faga norsk og engelsk, realfaga matematikk og naturfag, mat og helse, pedagogikk, spesialpedagogikk, RLE og kyrkjefag. Mange av faga er tilgjengelege som nettstudium eller nettbaserte studium. Avdelinga  tilbyr mastergradsstudium, bachelorstudium, årsstudium og halvårsstudium. Det er også mogleg å ta frie emne innan nokre fagområde.

Lærarutdanningar
Barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring treng fagpersonar med solid profesjonell kompetanse på mange område. Avdelinga gjev utdanning som kvalifiserer for denne type arbeid: Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning, praktisk-pedagogisk utdanning og grunnskulelærarutdaning/ allmennlærarutdanning.

Søkjarar kan vurderast og takast opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse. Nokre av studia har særlege opptakskrav/forkrav.

 

Her kjem du til høgskulen sitt studietilbod