Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag
Instituttet er knytt til avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Kontora våre finn du i det nye Synnøve Riste-huset.
Vi er 14 tilsette som representerer ulike faglege tyngdepunkt, frå teologi og religionsvitskap til idéhistorie og pedagogikk. Dette mangfaldet speglar den breidda som skal vere i studietilboda.
Vårt faglege tilbod i religion, livssyn og etikk (RLE) tilsvarar 90 studiepoeng. Med 90 studiepong RLE i ein bachelorgrad er du kvalifisert for det tverrfaglege masterstudiet Kulturmøte.
Instituttet samarbeider med fleire institusjonar i utlandet. Vi arrangerer mellom anna årlege ekskursjonar til Redbridge teacher's Centre i London for å studere religionsundervisning i fleirkulturell kontekst.
