«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Utdanningsmøter

I år prøvar vi igjen med å setje utdanningsmøta opp på programmet. Vi vel å dele inn i fem grupper:

  • Førskulelærarutdanninga
  • Grunnskulelærarutdanninga 1. – 7.
  • Grunnskulelærarutdanninga 5. – 10.
  • PPU
  • Vidareutdanning og nettundervising

Vi ber alle institusjonane om å tenke gjennom kva av gruppene de vil sende folk på, slik at institusjonane er representert på flest moglege grupper.

Kvar gruppe vel seg ein ordstyrar, og gruppene arbeidar seg so gjennom følgjande problemstillingar/spørsmål (og eventuelt anna som kan vere aktuelt):

  • Kva gjer vi ved vår institusjon som fungerer godt?
  • Kva utfordringar har vi i denne utdanninga?
  • Korleis gjennomfører vi praksis?

Vi vil oppmode delegatane om å tenke gjennom desse tre problemstillingane/spørsmåla slik at alle institusjonane kan innleie med eit kort innlegg som utgangspunkt for diskusjon (merk det vert normalt ikkje tilgang til videokanon).