«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Lyst til å besøke oss?

Er du elev i vidaregåande skule eller folkehøgskule? Har du og klassa di lyst til å oppleve korleis det er på ein høgskule? Du er hjarteleg velkomen til å besøke Høgskulen i Volda. Her er det stor aktivitet til ei kvar tid, både fagleg og sosialt.

Høgskulen i Volda har ca. 4000 studentar og om lag 350 tilsette.  Desse opererar i eit intimt og oversiktleg campusområde med moderne bygg og fasilitetar. Høgskulen har ein omfattande forskingsaktivitet og samarbeider tett med den regionale forskingsstiftinga Møreforsking. 

studietilbod

Høgskulen kan tilby ei rekke spennande studietilbod innan humanistiske fag, lærar­utdanning, mediefag, samfunnsfag, kyrkjefag, friluftsliv, musikk, drama, kunst og handverk, IKT, design, historie, språkfag osv. Har du lyst til å helse på dramastudentane? Kanskje få med deg ei forstilling? Eller kanskje sjå eit animasjonsstudio?

Utlandet

Har du ein draum om å bu i utlandet? Som student ved Høgskulen i Volda har du et hav av muligheiter til å ta eit eller fleire semester i eit anna land. Vår internasjonale koordinator kan fortelje deg om høgskulen sine samarbeidsavtalar rundt om i verda.

aktivt studentmiljø

Studiestaden Volda har eit svært godt og aktivt studentmiljø, der studentVEKA og dokumentarfilmfestivalen er naturlege høgdepunkt. Studenthuset ROKKEN er blitt samlingsstad og ei populær konsertscene for ei rekke kjende artistar/band. Det finst fleire studentorganisasjonar innanfor mellom anna idrett, media, kultur og politikk. 

Vi er stolte av høgskulen vår, og tek gjerne i mot besøk. Kontakt oss i god tid slik at vi kan skreddarsy eit opplegg som passar deg.  

Kontakt: Torill Engeseth, Informasjonskontoret, telefon 70 07 50 90 eller på e-post torill.engeseth@hivolda.no

- I 1990 hadde jeg valget mellom å studere media i Volda eller London. Jeg valgte Volda. [Synnøve Svabø]