«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Eksamensarbeid, mappeinnleveringar o.l.

KVA HAR STUDENTEN KRAV PÅ
HVO skal dekke kostnaden for den/dei kopiane av skriftlege eksamensarbeid som skal leverast til studieadministrasjonen. Normalt er det to kopiar, men kan i enkelte tilfeller vere fleire. Skriftleg eksamensarbeid er t.d. Bachelor-rapport, Master-oppgåver, mappe-eksamen, prosjektarbeid (eksamen).
Studenten kan vende seg til Hustrykkeriet og få kopiert dei eksemplara studieadministrasjonen krev uten kostnad. Kopiar utover dette må studenten betale.

PRAKTISK
I eksamenperiodane er det ikkje kapasitet på hustrykkeriet til å kopiere oppgåver levert på minnepinne / fil. Det tek så lang tid at mange studentar ikkje vil rekke innleveringsfristen pga lange køer. I desse periodene må alt som skal kopierast etter prinsippet ovanfor leverast på papir.

Sjølv om alle leverer manus på papir vil det når store grupper (og kanskje fleire) skal levere bli lange køer og kopieringa vil ta tid. Det er derfor viktig at studentane ikkje reknar med å få kopieringa gjort 1/2 time før innleveringsfristen. Då vil det skje uhell !

Det vert stadig fleire som kjem til hustrykkeriet med innleveringar med stort eller lite innslag av fargebilete ol.l. Det er p.t. berre på hustrykkeriet studentar kan få fargekopiar og det belastar no hustrykkeriet kraftig. I tillegg vert kostnaden for HVO 10-dobla i forhold til svart/kvit. Det bør derfor presiserast for studentane om det er krevd farge i innleveringa. Normalen er svart/kvit kopi.
Dersom innleveringar etter prinsippet ovanfor skal vere i fargar må dei leverast  2 dagar før innleveringsfristen for å vere sikker.