«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Tilsette sin bruk av Idrettsbygget

Bading for tilsette 

Timeplanen ligg i menyen til venstre. Der går det fram kva tid som er reservert for tilsette. Det er to timar per veke på kvelden i perioda måndag til fredag.

Der ikkje noko badevakt-ordning, så badinga skjer "på eige ansvar".
Døra til Idrettsbygget er alltid stengt, så hugs å ta med tilsett-kortet.
Det er tradisjon for at tilsette kan ta med familiemedlemmar (tanter, onklar o.l. er ikkje familie i denne samanhengen)

Det er sjølvsagt ikkje høve for tilsette å låne vekk tilsettkortet. ( ikkje i andre samanhengar heller)
Det er ikkje høve til å sende born åleine på badinga. Born kan vere med føresette som då har ansvar for dei..Dette gjeld helgar og andre høgtider. Det er eige oppslag for tilsett-badinga, sjå i menyen til venstre.

Helgar og høgtider

Når gymsalane eller symjehallen er ledig i høgtider eller laurdag og søndag kan tilsette bruke gymsalar eller symjehall på bestemte vilkår:

  • den tilsette må sjølv vere tilstade
  • det er sjølvsagt ikkje høve for tilsette å låne vekk tilsettkortet.
  • den tilsette kan ta med næraste familie (ikkje tanter, onklar ol.l)
  • kvar tilsett kan ta med ein ikkje-tilsett utanom familie
  • det er ikkje reinhald på desse dagane. lokala kan derfor vere tilrota og tilgrisa av tidligare bruk.
  • den tilsette (og dei som måtte vere med) må ikkje rote og grise til:  sporlaus ferdsel !
  • misbruk kan føre til at ordninga vert stramma inn

Morgenbading
Reinhald av Idrettbygget startar kl 06. Enkelte dagar vert dusjar og trapp til bassenget reingjort ved hjelp av skum. Det er helseskadeleg å få skummet på seg.
Tilsette som ynskjer å bade om morgonen må derfor unngå lokala i dei periodene areala er skumlagt.
Det er måndag, tysdag og torsdag til klokka 0745.
Statsbygg køyrer rensemaskin på botnen to dagar i veka, måndag og torsdag kl 07-09

Med andre ord er det mogleg med morgenbading:
- tysdag kl 0745 - 0815
- onsdag  til kl 0815
- fredag til kl 0815

pluss evt tid som er ledig etter kl 0815 ifølgje timeplane til seksjon for idrett og friluftsliv, sjå  http://tilsett.hivolda.no/ohag/ibygg/timeplan.doc

Idrettsbygget er alltid stengt, så hugs å ta med tilsett-kortet.

Når lokala er utleigde har tilsette ikkje adgang !