«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Elevvurdering

Etterutdanning

Høgskulen i Volda er ein av institusjonane i Noreg som tilbyr etterutdanning i elevvurdering for lærarar. Vi har gjennomført vårt etterutdanningsopplegg i fleire kommunar i Møre og Romsdal, og har hausta gode erfaringar med dette. For oss er det viktig at utviklinga skjer på skulane og at kompetansehevinga kjem alle lærarar til gode. Difor  meinar vi et er viktig å ta utgangspunkt i den enkelte skule sin noverande praksis, og vidareutvikle den. Målet er å utvikle ein god og felles vurderingskultur på den enkelte skule, men også på tvers av skular i kommunen. For å både nå den enkelte skule og samstundes få til ein felles vurderingspraksis på tvers av skular, delar vi skulane i ein kommune inn i nettverk, der det er frå 2 til 6 skular (avhengig av storleik på skulane) i kvart nettverk. Utvikling tar tid, difor har vi lagt opp til ein modell over eit skuleår: 

Meir informasjon kan du finne i Grunnlagsdokumentet vårt, eller du kan ta kontakt med Oddbjørn Nes på telefon 70 07 50 55 eller e-post: oddbjorn.nes@hivolda.no.