«Kunnskap for framtida»
Volda University College

– Å SKAPE DET GODE LIVET

Onsdag 19.november 2008 kl. 11:15 – 15:30
Aasenauditoriet, Høgskulen i Volda

NB:
Programmet er oppdatert med presentasjonane frå foredraga i pdf-format
(Sjå lengre ned på sida)


MØTEPLASS MELLOM HØGSKULE og PRAKSISFELT
Dette er det tredje seminaret der vi inviterer til dialog mellom kommunar og høgskule.

Tema vi tidlegare har retta søkelyset på er:
"Kunnskapsgrunnlag og kunnskapsbehov"
"Kompetansebehov og rekruttering"

No ønskjer vi å fokusere på: AKTIV OMSORG; Å skape det gode livet

Konferansen startar med tapaslunsj og myldring kl. 11:15.

Tidlegare rektor og no dagleg leiar på Møreforsking, Gunnar Stave, ønskjer vel møtt kl. 12:00.
Han vil lose oss gjennom dagen.

Vi inviterer

  • Fagpersonar, politikarar og leiarar i kommunar og fylke 
  • Fagpersonar og studentar ved høgskulane
  • Fagpersonar i helseforetaka
  • Tilsette i NAV
  • Andre interesserte

Innleiing til debatt ved:

Kristin Løkke
Rådgjevar i Helse og omsorgsdepartementetSentral i oppfølginga av St.mld. 25 og i utforminga av Demensplan 2015
Aktiv omsorg; etikk og kompetanse

Kristin Løkke sitt foredrag i pdf-format 

Hallgerd Conradi
førstelektor ved sosialarbeidarutdanningane ved Høgskulen i Volda og pårørande
Mellom brukar og system...

Hallgerd Conradi sitt foredrag i pdf-format (upublisert)
Anne-Sofie Egset sitt foredrag i pdf-format

Liv Karin Kval
institusjonssleiar i Vestre Toten kommune.
Har vore pådrivar for ma prosjekta Erindringsarbeid og Aktiv omsorg i kommunen

Kultur for alle?

Kari Håkerud sitt foredrag i pdf-format 

Øystein Salhus
musikkterapeut og musikar. Arbeider i barnehabiliteringa i Helse Sunnmøre
Musikk i aktiv omsorg

Øystein Salhus sitt foredrag i pdf-format
Solfrid Teigen sin kommentar i pdf-format

Etter innlegga blir det kommentarar ved representantar frå kommunane og dialog mellom innleiarar og deltakarar.

"Det er på det sosiale og kulturelle området omsorgstenestene kjem til kort."
St.meld.nr.25 (2005-2006):12.