Kunst og handverk- Etterutdanning
Høgskulen i Volda tilbyr gratis etterutdanning for lærarar i grunnskulen i 2012 / 2013:
Treng du og din skule nye impulsar og fagleg oppdatering?
Avdeling for kulturfag har skreddersydd tidsrelevante etterutdanningskurs innanfor fagfeltet kunst og handverk – praktiske og estetiske fag.
Kursa kan og vere aktuelle for lærarar frå andre fagfelt, og som utgangspunkt for tverrfaglege prosjekt i skulen.
Kursa blir finansiert gjennom midlar frå Utdanningsdirektoratet og tilbydast utan kostnad for lærarar i grunnskulen.
Avgrensa deltaking – førstemann til mølla!
Vurdering - Kurs med oppstart i 2012
- Kurspakke: 3 trinnskurs haust 2012 og vår 2013
- For lærarar i grunnskulen
- Oppstart: Mandag 12. november
- Påmeldingsfrist: 20. juni
Korleis arbeide med vurdering i praktiske fag?
Korleis bruke vurdering som eit verkty til motivasjon?
Vurdering er eit nasjonalt satsingsområde.
Kurset legg opp til at deltakarane i stor grad skal nytte sin eigen praksis som læringsarena.
Meir informasjon her: Datoar for samlingar og kursinnhald >>
Kurset er fullteikna og påmelding avslutta.
