Forsking og utvikling
Høgskulen i Volda (HVO) har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, som skal gi utdanningstilboda eit solid grunnlag. HVO er delt inn i fire avdelingar og har rundt 200 fagtilsette.
Høgskulen i Volda byggjer FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vært utvikla vidare på dette grunnlaget. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og har inngått ein eigen samarbeidsavtale om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.
Forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda er ansvarlig for å utarbeide ein stategiplan for FoU-aktiviteten ved høgskulen. Dei strategiske forskingsområda er media og journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking, velferdsforsking og praktisk kunstutøving.
Nyhende
Informasjonsmøte om utlyste PhD-stillingar
Høgskulen i Volda har lyst ut heile åtte stipendiatstillingar samtidig, to på kvar av avdelingane ved Høgskulen. Onsdag 22. mai blir det informasjonsmøte for moglege søkjarar på stillingane og for fagmiljøet rundt dei framtidige stipendiatane.
Her er FoU-administrasjonen på HVO
FoU-administrasjonen på HVO er no på plass i og med at Geir Tangen frå 6. mai tok til i si faste stilling som FoU-konsulent. Marit Gridseth Flø har vikariert i stillinga men går no ut i fødselspermisjon.
Harald Endre Tafjord har disputert
Det var verkeleg historisk og internasjonalt preg over tema og deltakarar under disputasen til Harald Endre Tafjord (39) ved Universitetet i Oslo 26. april. Temaet var politisk kultur, vennskap og konflikt i spansk mellomalder. Opponentane kom frå Universitetet i Cambridge og frå Syddansk universitet.
Ny bok frå Kyrkjefag Profil
Det nye faget Religion, livssyn og etikk (RLE) er ikkje utan problem for læraren. Kor nøytral kan læraren eigentleg vere?
Frist for å nominere kandidatar til FoU-prisen og Utdanningsprisen nærmar seg
Høgskuledirektør Jacob Kjøde Jr. meiner det er potensiale for å få gode kandidatar til begge prisane.
