Skriftseriane
Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda samarbeider om desse seriane, som er meinte å vere eit supplement til det som vert utgitt på nasjonale og internasjonale forlag og i ulike tidsskrift. Skriftseriane har ulike "tersklar" for godkjenning og dekkjer såleis ulike nivå av fagleg og vitskapleg arbeid.
Frå og med 2010 har Høgskulen i Volda gjeve ut interne arbeid i to seriar:
RapporTAR
Rapporter er vitskaplege og andre faglege arbeid på høgare nivå enn notat. Både forfattar og institusjon er fagleg ansvarlege for publikasjonen. Arbeida kan vere rapportar frå prosjekt eller oppdragsverksemd, eller reint teoretiske arbeid av eit visst omfang. Rapportane må vere godt gjennomarbeidde med omsyn til innhald, struktur og språk og innehalde referansar. Rapportane skal vere godkjende av anten dekan eller prosjektleiar eller annan fagperson dei har utpeika og FoU-leiar ved HVO.
Serien Rapport erstattar Arbeidsrapport og Forskingsrapport. Desse vart utgitt t.o.m. 2009.
Notat
Notatserien omfattar ulike slag publikasjonar av mindre omfang. Dette kan til dømes vere forprosjektnotat, konferansepapir, artikkelutkast og anna. Føremålet med serien er å stimulere til publisering og fagleg debatt i miljøet. Kvar forfattar er ansvarleg for sitt arbeid, og dekan skal vere orientert om utgjevinga på førehand. Manuset må vere gjennomarbeidd med omsyn til språk og struktur.
Andre skrifter
I serien Andre skrifter finn ein bøker, festskrift, doktoravhandlingar, seminarrapportar med meir som vert gjeve ut i tillegg til dei faste seriane.
|
|
Frode Sætre: |
|
|
Jostein Fet: |
||
|
Reidun Aambø: |
- Tidlegare utgjevingar i Andre skrifter
- Eldre seriar
- Skriftserien frå Ivar Aasen-instituttet
- Skrifter frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
