FoU-pris ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
På styremøte 28.10.05 vart det vedtatt å opprette ein FoU-pris for Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. HVO har frå før oppretta ein pris for godt læringsmiljø.
Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.
Alle tilsette, studentar, formelle organ ved høgskulen, brukarar og andre eksterne interessentar kan fremje kandidatar til prisen. Meir informasjon i Retningslinjer for tildeling. FoU-prisen vert delt ut under Forskingsdagane i Volda, som føregår siste veka i september.
FoU-prisvinnar 2012: Jørgen Amdam
Jørgen Amdam er professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon. Han fekk prisen for sin store arbeidskapasitet og engasjement for faget, studentane og høgskulen. Gjennom sitt arbeid har han medverka i FoU-arbeid med stor relevans for både Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Han har hatt mange faglege og fagpolitiske verv. Han vert òg framheva som ein raus og inkluderande person, med gode evner som miljøbyggjar og inspirator internt ved høgskulen.
Nyhendeoppslag om tildelinga for 2012
Tidlegare FoU-prisvinnarar
2011: Historisk insitutt
For første gong gjekk prisen til eit fagmiljø. Instituttet har høg fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet. Arbeidet femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål i lokal-historisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2011
2010: Tor-Johan Ekeland
Tor-Johan Ekeland er professor i sosialpsykologi. Han arbeider no med klinisk autonomi, brukarorientert samhandling og kunnskapsteori og praksis – i hovudsak relatert til psykisk helsevern. Ekeland er ein produktiv forfattar, og heilt sidan tidleg på 1980-talet har han publiserte ei rekkje fagbøker, lærebøker og artiklar.
Nyheitsoppslag om FoU-pristildelinga 2010
2009: Michael Schulte
Michael Schulte er professor i nordisk språkvitskap. Han har ein svært omfattande fagleg produksjon med ei rad artiklar på høgt internasjonalt nivå, og han er sentral i oppbygginga av eit miljø kring språkhistorie, skriftkultur og literacy-forsking både i Noreg og Skandinavia.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2009
Meir om Michael Schulte
2008: Finn Ove Båtevik
Finn Ove Båtevik er forskar ved Møreforsking Volda. Han er ein allsidig forskar med brei kompetanse og har arbeidd med prosjekt knytt til begge Møreforsking Volda sine satsingsområde: Velferd og regionalforsking.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2008
Meir om Finn Ove Båtevik
2007: Peder Haug
Peder Haug er professor i pedagogikk. Han er ein av dei mest aktive forskarane i Noreg på området spesialundervisning og tilpassa opplæring.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2007
Meir om Peder Haug
2006: Jostein Fet
Jostein Fet er litteratur- og kulturforskar. Prisvinnaren har ein omfattande forfattarskap bak seg, og kan vise til forsking som har lagt grunnlaget for ei nyskriving av norsk kulturhistorie.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2006
Portrett av Jostein Fet i Forskerforum: "Ein sein blømar"
