«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Volda-student med masteroppgåve om arbeidsinnvandring i den maritime klynga

Publisert: 24.08.2011 09:10 av Sunniva Selena Bolseth

Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim starta utdanningsløpet i Volda våren 2005. Først med ein bachelor i Informasjon og media (No: PR, Kommunikasjon og media). Etter seks år i Volda var ho ferdig med ein mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, og då også med arbeidserfaring i frå den maritime klynga på Møre.


Solheim skisserar også korleis forutan eit spanande fagområde, så har ho opplevd ei veldig sterk grad av fleksibilitet til å utforme oppgåver ved studiet i høve kva som har vore interessane hennar. No sist i form av ei mastergradsoppgåve om korleis høgkompetent utanlandsk arbeidskraft opplever møtet med den maritime klynga på Møre og omgjevnadane.

- Det er store moglegheiter for studentar som vel å kome til Volda og utdanne seg der. Eg har i aller høgste grad opplevd å bli møtt med svært fleksible forelesarar, hyggelege menneske som arbeider på høgskulen og eit kjekt studiemiljø, seier Solheim.

Føler seg utestengde

Særleg givande for Solheim var arbeidet med mastergradsoppgåva: ”På Nebo Bjerg. Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på Møre”.  Mastergradsoppgåva utgjorde ein del av VRI – prosjektet: ”Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid – Kva gjer marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft?” som er eit 3-årig forskarprosjekt i regi av Møreforsking Volda. Forskarprosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og Møre og Romsdal fylkeskommune med 50% kvar. 

- Mastergradsoppgåva syner at dei høgkompetente utanlandske arbeidarane opplever det som vanskeleg å kome inn i ringen av etablerte vennskap og relasjonar på staden. Dette meiner dei at vert dratt inn i verksemdene.  Dei opplever også at utføring av arbeidet er gjennomsyra av ”taus kunnskap”: kunnskap som ikkje finst i skriftleg form, og som ei heller er nedteikna i til dømes arbeidsrutinar eller prosedyrar. Den må erfarast, noko som dei opplev som vanskeleg fordi det er ei utfordring å bli invitert inn i ringen av det dei ser på som ei etablert gruppering. Fleire av dei høgkompetente utanlandske arbeidarane opplever det tvert i mot, at dei vert sett til meir rutineprega arbeid, og deira moglegheiter for å delta i innovative prosessar vert redusert, forklarar Solheim.

Dei høgkompetente utanlandske arbeidarane saknar formalisert kunnskap og det dei ser på som ei profesjonalisering av arbeidet. Dette stiller oss over på ein situasjon der det er behov for at begge partar må tileigne seg ny kunnskap om korleis ein skal innrette seg på den eine sida, men også forståing og aksept for ulike måtar å organisere produksjonen og prosessane på. Det er ikkje nødvendigvis slik at den eine eller den andre måten å gjere ting på er feil, men ein kombinasjon av ulike typar læring og kunnskap kan kunne tenkast å vere vegen å gå. Ein kan ikkje forvente at dei norske verksemdene skal legge om sin struktur, men ein kan forvente at dei gjer sitt for å føre dei utanlandske inn i våre norske måtar å arbeide på og norsk organisasjonskultur.

Dette danna også grunnlag for at VRI Møre og Romsdal ved HVO vel å støtte mastergradsoppgåva til Solheim økonomisk.

- Det at eg fekk moglegheita til å ta del i eit fagmiljø ved Møreforsking har utan tvil også bidratt til å halde motivasjonen og den faglege interessa på eit høgt nivå. Særleg kjekt var det å få kunne presentere studien om den maritime klynga på Møre til den maritime klynga på Møre, i form av eit seminar som MAFOSS, Maritim forum og Møreforsking arrangerte den 17.august på Quality Ulstein Hotell i Ulsteinvik .  Det var utruleg spennande å få fortelje om dette arbeidet som eg har lagt ned og dei funna som eg har gjort, fortel Solheim.

- Prosjektet til Møreforsking er eit spanande og dagsaktuelt prosjekt som ivaretar VRI sine målsetjingar om å fremje kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping i Møre og Romsdal. Det er også viktig å få fleire verksemder til å satse på næringsretta FOU, gjere høgskulane meir attraktive som samarbeidspartar i forbindelse med innovasjonsprosessar og komplettere det maritime innovasjonssystemet med tverrfaglege bidrag, seier Bjørn Gunnar Tafjord, prosjektleiar for VRI ved Høgskulen i Volda.

Masteroppgåva finn du her

Møreforsking gå hit 

Meir informasjon finn du her

Meir om VRI