«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Forskingsetiske retningslinjer for HVO


Høgskulen i Volda:

  • skal fremje kunnskap om, interesse for og debatt om etikk knytt til høgskulen sine kjerneoppgåver: forsking/utvikling, formidling og undervisning.
  • sluttar seg til dei forskingsetiske retningslinjene som er utarbeidd av Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH): Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap, humaniora, juss og teologi, frå 2006: http://www.etikkom.no/Forskningsetikk/Etiske-retningslinjer/Samfunnsvitenskap-jus-og-humaniora/
  • sitt arbeid med forskingsetiske spørsmål er forankra i leiinga. Ansvaret for oppfølging av forskingsetiske retningslinjer er lagt til Forskingsutvalet.

Forskingsutvalet skal:

  • fremje tiltak som skjerpar medvitet om forskarane sitt ansvar for bruk av forskingsresultat og om uærleg og/eller etisk problematisk forskingspraksis.
  • fungere som rådgjevande organ for fagmiljøa, for enkeltpersonar og for styret ved Høgskulen i saker som vedrører uetisk forskingspraksis ved Høgskulen i Volda. FU skal syte for at eventuelle saker, dersom ein involvert part bed om det, vert granska av det nasjonale organet som arbeider med slike saker.
  • vere orientert om nasjonale forskingsetiske spørsmål og om internasjonale forpliktingar på det forskingsetiske feltet.
  • arbeide for at forskinga ved Høgskulen i Volda foregår innanfor ramma av nasjonale lover, etiske retningslinjer utarbeidde av dei nasjonale forskingsetiske komiteane og eigne forskingsetiske retningslinjer.

 

 

Godkjent av FU i møte 24.10.2006, sak 29/2006 og i HVO-styret 7.12.2006, sak 54/2006