«Kunnskap for framtida»

20.-29. september 2013

Ved Høgskulen i Volda blir Forskingsdagane 2013 arrangerte i tida 20.-29. september.

Kvart år blir det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I 2013 er det nasjonale temaet «Hav og vatn». Høgskulen i Volda ønskjer i tillegg arrangement retta inn mot 100-årsmarkeringa for innføring av røysterett for kvinner og at 2013 er Språkåret.

Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i 2013 arrangert for 19. gong. Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskingsinstitutt, bibliotek, museum, kommunar og næringsliv står bak. Arrangementa er gratis.

Forskingsdagane for tidlegare år finn du i menyen til høgre.

Forskingsdaganes nasjonale nettstad.

NYHENDE

IMG_9908_220.jpg

PhD-stipendiat gjev mogelegheit for Volda-retur

Onsdag 22.mai var det informasjonsmøte om dei åtte utlyste PhD-stipendiata ved høgskulen. Ein av dei frammøtte var Ellen Strøm Synnevåg, som ser eit PhD-stipendiat som ei mogelegheit for å kanskje flytte attende til Volda.

INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Illustrasjonar_rgb_HILDANYFLT_2012_1-220.jpg

Informasjonsmøte om utlyste PhD-stillingar

Høgskulen i Volda har lyst ut heile åtte stipendiatstillingar samtidig, to på kvar av avdelingane ved Høgskulen. Onsdag 22. mai blir det informasjonsmøte for moglege søkjarar på stillingane og for fagmiljøet rundt dei framtidige stipendiatane.

Fou-administrasjonen-2013-05-06_220.jpg

Her er FoU-administrasjonen på HVO

FoU-administrasjonen på HVO er no på plass i og med at Geir Tangen frå 6. mai tok til i si faste stilling som FoU-konsulent. Marit Gridseth Flø har vikariert i stillinga men går no ut i fødselspermisjon.

Tafjord-disputas_001.JPG

Harald Endre Tafjord har disputert

Det var verkeleg historisk og internasjonalt preg over tema og deltakarar under disputasen til Harald Endre Tafjord (39) ved Universitetet i Oslo 26. april. Temaet var politisk kultur, vennskap og konflikt i spansk mellomalder. Opponentane kom frå Universitetet i Cambridge og frå Syddansk universitet.