Journalistikkens samfunnsoppdrag (JOSAM)
|
Prosjektansvarleg: |
Høgskulen i Volda 1.1.2007–31.12.2009 |
Den fullstendige tittelen på prosjektet er: "Journalistikk i endring: Ny teknologi, ny økonomi, nytt samfunnsoppdrag?". Kortnamnet på prosjektet er JOSAM. Den samla ramma for prosjektet er ca. 11 millionar kr, der Noregs Forskingsråd bidreg med ca. 5 millionar kr.
Utgangspunktet for prosjektet er at journalistrolla i dag er inne i store endringar som følgje av tekniske, økonomiske og politiske endringar. Følgjene desse endringane har for redaksjonelle prosessar blir undersøkt ved å studere eit utval av redaksjonar i eit tett integrert prosjekt. Som journalistlærarar med lang tids røynsle i å drive redaksjonelle prosessar og å evaluere medieprodukt har fagmiljøet ved Avdeling for mediefag gode føresetnader for å studere arbeidsmåtane til journalistar.
Prosjektet vil bli gjennomført som tre delprosjekt:
- Journalistiske arbeidsmåtar
- Leiing og kompetanse
- Etikk og yrkesideologi
Ei meir utførleg omtale av prosjektet finst i søknaden til Noregs forskingsråd.
|
|
| Tre av forskarane på prosjektet studerer pressa på Aarflot-museet, ei av dei første avispresser i landet. Frå venstre: Sigurd Allern, Sigurd Høst, Tore Aarflot (redaktør i avisa Møre) og Paul Bjerke. Foto: Johann Roppen |

