«Kunnskap for framtida»
Volda University College

APA-standarden

APA-standarden - kva er det?

APA-standarden er ein metode du kan bruke i skriftlege arbeid når du skal vise til kjelder og lage litteraturliste.

American Psychological Association (APA) har utarbeidd standarden, som er ein mykje brukt referansestil innan mellom anna samfunnsfag og psykologi.

I tillegg til APA-standarden finst det ei rekkje andre ulike system og stilar for kjeldebruk og referansehandtering. Forskjellen går primært på teiknsetjing og rekkjefølgja av opplysningar. Felles for alle referansestilar er at dei gir ein konsistent måte å behandle referansar på, og at dei inneheld opplysningar som gjer det mogeleg å finne fram til kjeldene som er brukte. Ein skal absolutt ikkje blande referansestilar. Når ein først har vald ein stil, må ein følgje den konsekvent.

Ulike fagfelt har gjerne tradisjon for å bruke sine bestemte stilar. Du må difor alltid forhøyre deg med faglærar om det er ein spesiell stil du skal bruke. Dersom det ikkje er det, tilrår vi at du brukar APA-standarden.Strategisk studienemnd ved HVO har gitt tilslutning til at biblioteket nyttar APA-standarden i rettleiing om kjeldebruk for studentar.

APA eksempelsamling

Reglar for kjeldebruk

Referanse

Tilvising i teksten

Direkte sitat

Litteraturliste

Reglar for kjeldebruk

I samband med bacheloroppgåver, masteroppgåver, rapportar og andre typar skriftlege arbeid, er det nødvendig å kjenne til reglar for kjeldebruk. Slike skriftlege arbeid byggjer som regel på tidlegare publisert materiale innan eit fagfelt. Når du gjengir eller brukar idear, argument,  teoriar, resonnement eller forskingsresultat frå andre, må du alltid gi opp kjeldene du har brukt. Korrekt bruk av kjelder viser at du anerkjenner andre forfattarar sitt arbeid, at du har lese litteratur om emnet, og at du set arbeidet ditt inn i ein større fagleg samanheng. Det viser også at du beherskar teknikken med å oppgi kjelder, og det gir lesaren høve til å identifisere og finne att dei kjeldene du har brukt.

Dersom du let vere å gi opp kjelder kan du bli skulda for plagiering, og i verste fall fusk.

Det er tre omgrep ein bør ha kjennskap til i samband med kjeldebruk: referanse, tilvising i teksten og direkte sitat:

Referanse

Ein referanse er ei bibliografisk skildring av eit trykt eller elektronisk dokument som er ført opp utanfor den løpande teksten. Referansane skal samlast alfabetisk i ei litteraturliste på slutten av dokumentet. Ein referanse for eit dokument inneheld opplysningar om forfattar, utgivingsår, tittel, forlag og utgivingsstad.

Tilvising i teksten

Tilvising tyder at du i den løpande teksten viser til ei kjelde. Dette gjer du ved å skrive etternamnet til forfattaren samt utgivingsåret i parentes. Det kan også vere aktuelt å vise til deler av kjelda ved å oppgi sidetal. Dersom du flettar forfattarnamnet inn i teksten, set du berre årstalet i parentes. I staden for personleg forfattar kan det vere ein institusjon, nokre gonger berre ein tittel.

Direkte sitat

Eit direkte sitat er ei ordrett attgjeving av ei kjelde. Det  vil seie at det du siterer alltid skal vere heilt likt kjelda du siterer frå, både når det gjeld ord og teiknsetjing.

Kort sitat:
Når du brukar direkte sitat, skal tilvisinga i teksten innehalde sidetalet. Døme:

”Jevnaldrendes innflytelse og jevnaldergruppenes form varierer med sosial klasse, lokalkultur og generelle nasjonale og kulturelle rammer”, seier Ivar Frønes (2006, s. 167).

eller

”Jevnaldrendes innflytelse og jevnaldergruppenes form varierer med sosial klasse, lokalkultur og generelle nasjonale og kulturelle rammer” (Frønes, 2006, s. 167).

Langt sitat:
Når du brukar direkte sitat på meir enn 40 ord, skal du ikkje bruke hermeteikn. Du skal då starte sitatet på ei ny linje, det skal skrivast med innrykk, og gjerne også med ei blank linje før og etter sitatet.

Dette er tydelege kjenneteikn ved det moderne samfunnet:

Det moderne samfunnet omtales ofte som kunnskapssamfunnet eller kvalifikasjons-samfunnet.  Med dette menes ikke bare at det er utviklet et samfunn som krever kunnskap og kvalifikasjoner, men at institusjonene for kunnskapsforvaltning, vitenskap og kvalifisering har en sentral posisjon. Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere - og der stadig flere får utdanning - det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. Samfunnet har beveget seg fra vekt på energi og mekanikk til informasjon og kunnskap. (Frønes, 2006, s. 148)

Alternativt kan du innleie sitatet med å nemne forfattar og år. Då fører du opp berre sidetalet i parantesen bak sitatet.

Frønes (2006) seier følgjande:

Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere - og der stadig flere får utdanning - det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. Samfunnet har beveget seg fra vekt på energi og mekanikk til informasjon og kunnskap. (s. 148)

 

Når delar av eit sitat vert utelate

Dersom du utelét delar av ei sitat, skal det markerast med tre punktum inne i ein parantes:

”Privatisering av livsførselen (…) førte til at lokalofffentligheten i økende grad ble ødelagt.” (Frønes, 2006, s. 138).

Litteraturliste

På slutten av dokumentet skal det vere ei litteraturliste (også kalla bibliografi eller referanseliste). Føremålet med litteraturlista er å hjelpe lesaren med å finne dei same kjeldene som du har brukt. Forutan nokre få unntak (e-postar, munnleg kommunikasjon), skal alle kjeldene førast opp.

Hugs at det skal vere samsvar mellom tilvisingane og litteraturlista:

  • All litteratur som er referert eller sitert i teksten skal vere med i litteraturlista.

  • Det skal ikkje stå noko i litteraturlista som det ikkje er referert til i teksten.

Litteraturlista skal setjast opp alfabetisk etter forfattaren sitt etternamn. Ein institusjon kan også fungere som forfattar. Fleire referansar til same forfattar skal ordnast kronologisk, med den eldste først. Der det ikkje er forfattar, brukar ein tittel som ordningsord. Lover skal setjast opp etter korttittel.

Kontakt oss

Postadresse
Postboks 500, N-6101 Volda

Tlf.: 70 07 50 60
E-post: skranke@hivolda.no
Følg oss på Facebook

 

Opningstider:
Mån.-ons.: 08.30-20.00
Tors.: 10.00-20.00
Fre.: 08:30-17.00
Laurd.: 10.00-15.00