«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Fornye lån

Gjennom tenesta "Mi side" i Bibsys Ask kan du fornye låna dine sjølv. Merk deg at du ikkje kan fornye lån på bøker som det er venteliste på. Du får også oversikt over det du har lånt, samt eventuelle reserveringar og bestillingar som du har liggjande inne. For å få tilgang til "Mi side" må du først logge deg på Bibsys Ask.

Framgangsmåte:

Logg på via FEIDE
- For studentar
, bruk det vanlege brukarnamnet og passordet ditt.

Logg på
- For tilsette og eksterne

Tilsette
kan om dei ønskjer det logge seg på via Feide med sitt vanlege brukarnamn og passord, men sidan koplinga mellom HVO-login og Bibsys Ask er personnummer, må du først kontakte biblioteket for registrering av personnummer.
Dersom du ikkje ønskjer å registrere personnummeret ditt i Bibsys, kan du logge inn med Brukarnamn = Bibsys låntakar-ID (sjå baksida av kortet ditt, td. hvo9800559) og passord frå Bibsys.
Dersom du ikkje har passord frå før eller har gløymt passordet, kan du Bestille passord frå Bibsys.

Eksterne brukarar som har lånekort hos oss, loggar seg på med brukarnamn=Bibsys låntakar-ID (sjå baksida av kortet ditt, td. hvo9800559) og passord som du første gongen må Bestille frå Bibsys.