«Kunnskap for framtida»

Tilrettelegging og rådgjeving


Studierettleiing

Generell studierettleiing får du hos studierettleiar Ingunn Teigen Nordal (tlf. 70 07 52 90). Ho kan svare på spørsmål om karriereval og er kontaktperson for tilrettelegging av studier og eksamen.

Om du har konkrete spørsmål om eit studium, t.d. om undervisninga, pensum og liknande, er det best å snakke med kontaktpersonen for studiet. Du ser kven dette er i studieplanen for ditt studium. 

Rådgjeving
Av og til kan situasjonen din vere vanskeleg å takle på eiga hand. Til studentrådgjevar Ann-Kristin Myklebust (tlf. 70 07 51 88) kan du kome med alle slags spørsmål og problemstillingar, og få råd om korleis du skal handtere kvardagen og studiet.

Tilrettelegging av studium
Vi ønskjer at studia våre skal vere tilgjengelege for alle. Likevel kan sjukdom, allergi eller nedsett funksjon gjere det nødvendig med tilrettelegging

Helsetilbod
Studentsamskipnaden tilbyr helsekasse som kan gje støtte til helseutgifter, briller, tannlege eller anna for studentane. Det er også tilbod om helsestasjon med rådgjeving om helse, les meir her.

  

Du finn meir informasjon om dei ulike punkta i venstre marg.


«Tilbake til studiestartportalen