«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Studierettleiaren

Kva kan eg hjelpe deg med?

Kontakt studierettleiaren på tlf: 70 07 52 90


Mi oppgåve er å høyre kva du ønskjer hjelp med, og gi informasjon eller forslag til løysingar. Noko kan eg svare på direkte, andre gonger er eg vegvisar til andre som sit med kunnskap på sine felt, eller til nettsider og annan informasjon. Regelverk, oppbygging av utdanning eller korleis du blir lærar - det er mykje å setje seg inn i.

Nokre har meir grunnleggjande spørsmål: Kva kan eg, kva skal eg bli, kva er riktig for meg? Kanskje du må skifte retning fordi du byrja på feil utdanning eller skal omskolere deg?

Det er også meg du bør kontakte om du har sjukdom, allergi, dysleksi eller anna som gjer at du møter hindringar i studiet ditt. Sei frå om kva som kan hjelpe akkurat deg, så kan vi kanskje finne løysingar før problema veks!

Ta kontakt for ein prat, du finn meg i første kontoret innanfor disken i Studentsørvis, i 1. etasje i Berte Kanutte-huset. Vanlegvis er eg inne mellom 9.00 og 14.30 kvar dag, med unntak av torsdag. 

Telefon 70 07 52 90 eller e-post til Ingunn Teigen Blindheim.

 

Nyttige lenkjer