Helsetilbod for studentar
Helsesøster på campus - for deg!
Studentsamskipnaden har ei helseteneste for studentar med tilbod om informasjon og rettleiing, der målet mellom anna er å auke kunnskapen om seksuelt overførbare infeksjonar, lette tilgangen til prevensjon og førebyggje uønska svangerskap og abort. Tilbodet er eit samarbeid mellom SfS, Høgskulen i Volda, Sosial- og helsedirektoratet og Volda kommune ved Helsestasjonen.
Du får tilbod om:
- Testing for klamydia
- Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
- Gratis kondomar
- Hjelp til å bestille time hos fastlege (ordne med fastlege)
- Uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon
- Graviditetstesting
Fastlege i Volda
Volda er vertskommunen din medan du er student i Volda, og legesenteret kan tilby fastlege også til studentane. Allmennlegetenesta er samla i eit legesenter i sentrum, og alt som ikkje er akutt, skal gjerast der, t.d. blodprøvetaking og reseptskriving. Om du ikkje har fastlege i Volda, vil du berre ha rett til akutt legehjelp her. Når det ikkje er akutt, er det ventetid på time (for tida 1-6 veker).
Du finn Volda legesenter på nett, og om du har fastlege her kan du bestille time og reseptar via internett.
Spørsmål om fastlege
• Har studentar behov for lege?
Også friske, vanlege ungdommar søkjer lege både for akutte sjukdommar (som urinvegs- og luftvegsinfeksjonar) og av rutineprega grunnar, til dømes prevensjon, reseptar, kontrollar etter akutt sjukdom, osb.
• Men eg har lege på heimstaden?
Du treng ikkje melde flytting for å få fastlege i Volda. Om du ønskjer det kan du velje tilbake den legen du hadde før du flytta hit innan 3 år.
• Korleis bytte?
Du kan skifte fastlege på internett www.nav.no eller ringe fastlegetelefonen 810 59 500.
Adressa til legesenteret: Volda legesenter, Postboks 253, 6101 Volda.
Ta eventuelt kontakt med tidlegare lege for å be om overføring av journal til Volda.
