«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Helsetilbod for studentar

Helsesøster på campus - for deg!

Studentsamskipnaden har ei helseteneste for studentar med tilbod om informasjon og rettleiing, der målet mellom anna er å auke kunnskapen om seksuelt overførbare infeksjonar, lette tilgangen til prevensjon og førebyggje uønska svangerskap og abort. Tilbodet er eit samarbeid mellom SfS, Høgskulen i Volda, Sosial- og helsedirektoratet og Volda kommune ved Helsestasjonen.

Du får tilbod om:

  • Testing for klamydia
  • Informasjon om prevensjonsmetodar og foreskriving av prevensjonsmidlar
  • Gratis kondomar
  • Hjelp til å bestille time hos fastlege (ordne med fastlege)
  • Uformell samtale om kropp, seksualitet og prevensjon
  • Graviditetstesting

Les meir på www.studentsamskipnaden.no/helseteneste (external link). Der finn du kontaktinformasjon og kontortid for helsesøster på campus.  

Fastlege i Volda

Volda er vertskommunen din medan du er student i Volda, og legesenteret kan tilby fastlege også til studentane. Allmennlegetenesta er samla i eit legesenter i sentrum, og alt som ikkje er akutt, skal gjerast der, t.d. blodprøvetaking og reseptskriving. Om du ikkje har fastlege i Volda, vil du berre ha rett til akutt legehjelp her. Når det ikkje er akutt, er det ventetid på time (for tida 1-6 veker).

Du finn Volda legesenter (external link) på nett, og om du har fastlege her kan du bestille time og reseptar via internett.


Spørsmål om fastlege

Har studentar behov for lege?

Også friske, vanlege ungdommar søkjer lege både for akutte sjukdommar (som urinvegs- og luftvegsinfeksjonar) og av rutineprega grunnar, til dømes prevensjon, reseptar, kontrollar etter akutt sjukdom,  osb.

Men eg har lege på heimstaden?

Du treng ikkje melde flytting for å få fastlege i Volda. Om du ønskjer det kan du velje tilbake den legen du hadde før du flytta hit innan 3 år.

Korleis bytte?

Du kan skifte fastlege på internett www.nav.no (external link) eller ringe fastlegetelefonen 810 59 500.
Adressa til legesenteret: Volda legesenter, Postboks 253, 6101 Volda.

Ta eventuelt kontakt med tidlegare lege for å be om overføring av journal til Volda.