Første veka i Volda
Husk at du kan registrere deg før du kommer til Volda. Registrer deg
Offisiell opning
Det er ingen offisiell opning av vårsemesteret, men du finn informasjon om oppstart av nye studium her.
Oppmøte ved studiestart
Det er viktig at du møter den dagen du har fått beskjed om. Dersom du ikkje kan møte, må du kontakte høgskulen for å sikre at du ikkje mistar studieplassen, og for å sikre at du får nødvendig informasjon. Kvart studieprogram informerer sine nye studentar, gir rettleiing om utdanningsplanen og andre praktiske forhold. Sjekk ut www.hivolda.no/praktiskinfo om det er sett opp tidspunkt for eventuelt informasjonsmøte.
Fadderveka - berre ved studiestart om hausten
Ynskjer du ein trygg studiestart og å kome raskt inn i studentmiljøet, er fadderveka startstreken for komande år, med minne for livet. Du og dei andre i klassa di blir møtt av ein hyggelig fadder som tek ansvar for deg gjennom heile den første veka. Fadderveka består av aktivitetar som passar for alle, anten du likar det avslappa eller energisk. Sjå årets program på www.fadderveka.com.
Studentkort
Studentar som kan møte til fotografering i Volda kan få lagd studentkort. Studentkortet fungerer som nøkkelkort til hus og spesialrom på campus, som lånekort på biblioteket, og som identifisering ved bruk av kopimaskin og printer. Dei fleste studentar med studiestad i Volda vil trenge eit slikt kort. Første veka får du studentkort i 2. etg. på Berte Kanutte-huset. Elles kan du få tak i studentkortet i Studentsørvis i Berte Kanutte-huset.
SemesterkvitteringDu får semesterkvittering automatisk tilsendt når du er ferdig å registrere deg. Vi sender semesterkvittering til semesteradressa du legg i studentweb, så pass på at den er rett.
Ta godt vare på semesterkvitteringa. Denne må du vise i lag med gyldig legitimasjon om du t.d. vil ha studentmoderasjon på konsertar, reiser m.m.
Ei gyldig semesterkvittering viser at du:
- har betalt semesteravgifta det aktuelle semesteret
- er registrert som student det aktuelle semesteret
- har studierett til det studiet/dei studia som står i feltet "Opptatt til følgende studier» på semesterkvitteringa.
Er du nettstudent?
Mange av studietilboda ved høgskulen er tilrettelagt for nettstudium. Du må likevel betale semesteravgift, opprette brukarkonto og registrere deg i StudentWeb. Når du har laga deg brukarkonto vil du få tilgang til e-læringssystemet Fronter. Når du loggar deg inn vil du få tilgang til undervisningsaktivitetane knytt til det studiet du er oppteken på. Du får automatisk tilsendt semesterkvittering til semesteradressa du legg i studentweb..
Oppdatert av Ingunn Elisabeth Teigen Nordal 06. januar 2012 kl. 11.04 Publisert med NetEd : Publish


