«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Grader og vitnemål ved Høgskulen i Volda

Bachelorgraden er ein lågare grad og har ei normert studietid på tre år. Bachelorgraden vart innført hausten 2002, og difor må delar av utdanninga vere avslutta etter dette. Det er også krav om at minst 60 studiepoeng må vere frå skulen der du søkjer om graden.
Ein kan få bachelorgrad ved å:

  • følgje eit fastlagt 3-årig bachelorprogram
  • setje saman ein bachelorgrad sjølv, etter fastsette reglar - ein fri bachelorgrad (external link)

Mastergraden er ein høgare grad, med normert studietid på to år etter bachelorgraden, totalt 5 år høgare utdanning. Kravet for å kome inn på mastergraden er vanlegvis bachelorgrad eller tilsvarande, innan eit fagfelt som er relevant for mastergraden.
Det finnast også integrerte masterutdanningar som startar på grunn-nivå og varer 5-6 år.

Sidan 2002 har høgare utdanning vore lagt opp etter det internasjonale systemet med bachelor- og mastergrader, og omgrep som grunnfag, mellomfag og vekttal forsvann ut. Cand.mag.-graden vert ikkje lenger skriven ut (frå 1. august 2005).

Grunnskulelærerutdanningane  har ei studietid på 4 år før dei gjev vitnemål.
Det er høve til å skrive ut vitnemål for tidlegare Allmennlærarutdanning ut 2015.

Vitnemål/ karakterutskrift
Dei som fullfører eit studium til vanleg tid får karakterutskrift eller vitnemål i posten. Det vert også skrive ut Diploma Supplement.
Vi nyttar heimeadressa som ligg i StudentWeb - hugs å registere rett adresse.