«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Grader og vitnemål ved Høgskulen i Volda

Sidan 2002 har høgare utdanning vore lagt opp etter det internasjonale systemet med bachelor- og mastergrader, og omgrep som grunnfag, mellomfag og vekttal forsvann ut. Cand.mag.-graden vert ikkje lenger skriven ut (frå 1. august 2005).

Bachelorgraden er ein lågare grad og har ei normert studietid på tre år. Bachelorgraden vart innført hausten 2002, og difor må delar av utdanninga vere avslutta etter dette. Det er også krav om at minst 60 studiepoeng må vere frå skulen der du søkjer om graden.
Ein kan få bachelorgrad ved å:

  • følgje eit fastlagt 3-årig bachelorprogram
  • setje saman ein bachelorgrad sjølv, etter fastsette reglar - ein fri bachelorgrad

Mastergraden er ein høgare grad, med normert studietid på to år etter bachelorgraden, totalt 5 år høgare utdanning. Kravet for å kome inn på mastergraden er vanlegvis bachelorgrad eller tilsvarande, innan eit fagfelt som er relevant for mastergraden.
Det finnast også integrerte masterutdanningar som startar på grunn-nivå og varer 5-6 år.

Allmenn- og grunnskulelærerutdanningane går over 4 år. Det siste kullet allmennlærarar starta hausten 2009, og er no erstatta av grunnskulelærarutdanning. Vitnemål for studentar som fullfører allmennlærarutdanning kan skrivast ut til 2015.

Vitnemål/ karakterutskrift
Alle som fullfører eit studium til vanleg tid får automatisk karakterutskrift eller vitnemål i posten. Ved utskrift av vitnemål vil kandidaten også automatisk få tilsendt Diploma Supplement.
Vi nyttar heimeadressa, så sjekk at den er rett registrert i studentweb.