«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Permisjonar i studiet

Det er mogleg å søkje om permisjon i studiet, dersom du av ulike grunnar er hindra frå å ta del i studiet på vanleg måte. Vårt regelverk for permisjonar finn du § 6-7 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Retten til fødselspermisjon står spesielt sterkt, og vert regulert av Universitets- og høgskulelova § 4-5:
§ 4-5. Rett til fødselspermisjon

For å få permisjon må du fylle ut ein søknad der du mellom anna seier kva periode du søkjer permisjon for, og grunnen til at du søkjer permisjon. Legg ved eventuell dokumentasjon frå sakkunnig.
Du kan søkje permisjon for å ta valfrie delar av eit studium ein annan stad. Då må leggje ved søknaden studie-/ emneplan som dokumentasjon.

Hugs å ta kontakt i god tid før du vil starte opp at på studia dine - då sikrar du at du får ein best mogleg studiesituasjon, får avklara om det er endringar i studieplanen eller anna du bør vite.


Søknadsskjema (PDF)*

* Skjemaet er i pdf-format, og kan lesast med Acrobat Reader. Du kan laste ned Acrobat Reader ved å klikke her. Du kan også kontakte sørvistorget for å få sendt søknadsskjema.

Skjemaet skal sendast til:

Høgskulen i Volda
Studentsørvis
Postboks 500
6101 VOLDA
« Tilbake