Endring av studieløp
I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å endre det normale studieløpet ved å søkje permisjon, innpassing eller overflytting.
-
Permisjon
Du kan trenge permisjon på grunn av sjukdom, graviditet, eller militærteneste, eller du kan ynskje å ta valfrie delar av eit bachelorstudium ein annan stad. Ved å søkje permisjon gir du oss informasjon om kva du planlegg, og det vert lettare å legge til rette slik at du kan halde fram studiet etterpå. -
Innpassing
Viss du har utdanning frå før som du meiner kan passe som del av studiet ditt hos oss, kan du søkje om innpassing. -
Overflytting
Nokre ynskjer å flytte til ein annan studiestad og halde fram med same utdanning.
Du kan finne meir informasjon om Permisjon, Innpassing og Overflytting i venstre marg.
« Tilbake
