«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Innlevering av masteroppgåver

Hausten 2010 vart det innført nye retningslinjer for innlevering av masteroppgåvene. Dei skal no leverast elektronisk gjennom Fronter. Obligatorisk eigenmelding skal framleis leverast på papir, enten ved å sende det pr. post eller levere det til Studentsørvis i Berte Kanutte-huset 1. etasje. Obligatorisk eigenmelding skal sendast/leverast seinast dagen etter innleveringsfristen for masteroppgåva.
Studentar på Masterstudium i undervisning og læring og Masterstudium i spesialpedagogikk må følgje prosedyre for innlevering i eiga utvida retningsline, sjå lenke til denne nede på sida.

Frist for innlevering av masteroppgåver er kl. 14.00 innleveringsdagen.

Innlevering av masteroppgåva trinn for trinn:

1. Last ned forsida til masteroppgåva (sjå under). Det er mest lettvint å legge denne som første side i masteroppgåva før ein tek til å skrive.

2. Når masteroppgåva er ferdig skriven, gjer dokumentet om til søkbar pdf. Ta di eiga utskrift av dokumentet før du leverer for å sikre at lay-out'en er som du ynskjer.(Sjå instruks lenger nede)

3. Lever masteroppgåva i Fronter i rommet Innleveringsromet, HVO. (Sjå instruks lenger nede)

4. Lever Obligatorisk eigenmelding i eitt eksemplar enten pr. post eller til Studentsørvis på Berte Kanutte-huset seinast dagen etter innleveringsfrist for masteroppgåva.

Nyttige dokument i arbeidet med masteroppgåva: