Om eksamensdatoane ved Høgskulen i Volda
Våren 2010 hadde studieadministrasjonen ved HVO ei omlegging i eksamensplanlegginga. Dette betyr at eksamensplan for vårsemesteret blir kunngjort i det føregåande haustsemesteret, og omvendt.
Eksamensdatoane vert kunngjort i Studentweb og på høgskulen sine nettsider. Det er den einskilde student sitt ansvar å sjekke datoane for dei emna ein er oppmelde til, og sørge for at det ikkje blir kollisjonar.
I forkant av kvart studieår vert det vedtatt ein «Kalender for studieåret» som gir oversikt over viktige fristar og datoar i det komande studieåret. Denne vert kunngjort på Høgskulen i Volda (HVO) sine nettsider i god tid før semesterstart.
I denne kalendaren finn ein m.a. opplysningar om eksamensperiodane ved HVO, og som student ved HVO må ein rekne med at eksamen vert lagt innanfor desse periodane.
EKSAMENSPLAN FOR ORDNINÆRE EMNE HAUSTEN 2013
Eksamensplan for ordinære emne våren 2013
EKSAMENSPLAN FOR KONTINUASJONSEKSAMEN VÅREN 2013
Kontinuasjonseksamenar vil bli avvikla i veke 40 og veke 11 studieåret 2012-2013 (med unntak av GLU, sjå eigen eksamensplan).
Romplassering:
- Romplassering for skriftlege eksamenar, kontinuasjonseksamenar hausten 2012
NB! Romplassering gjeld berre fagleg tilsette, studentane skal sjekke si romplassering i StudentWeb
