Datahjelp
IT-avdelinga ved HVO har 8 tilsette. I tillegg til dei faste på IT-avdelinga så har vi ein ekstra IT-person berre på studentsupport som vi kallar orakel. Dette er ei stilling som har faste kontortider kor studentane kan få hjelp med dataproblem. Sjå meir om orakeltenesta her.
Er det noko som hastar utanom orakeltidene hjelp vi deg sjølvsagt gjerne om vi har tid og muligheit til det.
IT-avdelinga held til i 3.etasje på Berte Kanutte, frå heisa og inn eit stykke innover gangen.
Våre arbeidsoppgåver er mellom anna serverar, e-post, brukaradministrasjon, student – og tilsettmaskinar, printere, sikkerheit, backup, nettverk samt og sjølvsagt ein del support til studentar og tilsette.
Nokre tenester er ”outsourca” til andre firma, Fronter er eit døme på dette. Spørsmål om Fronter kan rettast til 70 07 50 18, då kjem du til studieadministrasjonen.
