Lag og organisasjonar
Etter øktene på lesesalen kan det vere godt å kople av med noko heilt anna. I Volda kjem du ikkje til å mangle alternative aktivitetar å fylle fritida di med. Volda er kjent for sitt gode studentmiljø, og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der nettopp du kan få prøve deg som journalist og fotograf. Volda har noko for ein kvar smak!
Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og er avhengige av ditt engasjement for å gå rundt. Bli med å gjer studiemiljøet best mogeleg for deg og dine medstudentar.
STUDENTTINGET I VOLDA (STiV)
Studenttinget i Volda (STiV) er det øvste studentorganet ved høgskulen og arbeider for å betre studiekvardagen, studiefinansieringa og koordinering av all demokratisk og sosial studentverksemd ved HVO. Har du forslag til endringar og forbetringar av skule og fritidstilbod, vil du gi ris eller ros til studentar og tilsette, eller kanskje noko heilt anna, hjelper STiV deg på vegen. Stikk gjerne innom kontoret på campus (Berte Kanutte-bygget) for ein
hyggeleg prat og ein kopp kaffi.
Nettside: www.voldastudentting.no
PANGAIA OG DEN INTERNASJONALE KLUBBEN
Pangaia er den internasjonale møtestaden ved Høgskulen i Volda. Her kan du slappe av, melde deg på ulike aktivitetar og bli kjent med dei internasjonale studentane. Den internasjonale klubben arrangerer klubbkveldar med tema frå ulike land, karaokekveldar, filmkveldar og fjellturar. Dei aller fleste av klubbkveldane vert arrangerte på Rokken, og alle er velkomne til å delta.
Nettside: www.hivolda.no/pangaia
STUDENTSAMSKIPNADEN (Sfs)
Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda og Ålesund.
SfS gir deg tilbod om:
- studentbustad - bu billeg og få alt inkludert
- studentbokhandel - rett pensum til rett pris hos Fagbok
- kantine -sunn og god mat i eit triveleg miljø-
- studentbarnehage - nærleik til leik og omsorg
- studenthuset Rokken - samlingsstaden i Volda
- gode helseordningar - refusjon av lege/psykologiutgifter
- studentrådgjevar og helsesøster på campus
- psykologisk helsetjeneste
- studentvelferd - støtte til lag- og organisasjonar
Nettside: www.studentsamskipnaden.no
E-post: sfs@hivolda.no
KOMMUNIKASJON VOLDA
Kommunikasjon Volda er Norsk kommunikasjonsforenings studentlag i Volda. Styret består av studentar frå høgskulen, og arbeidar med å arrangere ulike kurs og konferanser for studentar. Har du gode idear til arrangement, eller har lyst til å vere med på laget? Ta gjerne kontakt med oss.
Nettside: www.kommunikasjon.no/volda
E-post: volda@kommunikasjon.no
NORSK JOURNALISTLAG

Norsk Journalistlag (NJ) organiserer "redaksjonelle medarbeidere som har journalistikk som hovedyrke og som i sitt daglige arbeid foretar frie journalistiske vurderinger". Slik heter det i NJs vedtekter. NJ har rundt 9 500 medlemmer. Dette er bortimot hundre prosent av alle journalister i Norge.
Nettside: www.nj.no
PEIKESTOKKEN
Peikestokken er studentavisa ved Høgskulen i Volda. Avisa kjem ut tre gonger kvart semester og tek føre segkva som skjer på høgskulen og i studiemiljøet. Avisa har i tillegg ein utfyllande temadel der skribentane kan utfalde seg friare. Peikestokken ønskjer fleire medarbeidarar, gjerne frå alle studieretningane ved skulen. Her er det ingen krav om journalistisk erfaring, og alle som ønskjer å utfalde seg kreativt – gjennom både skrift, bilete og layout – er hjarteleg velkomen som del av redaksjonen.
Nettside: www.peikestokken.no
E-post: peikestokken@gmail.com
STUDENT-TV VOLDA

Student-TV i Volda lagar fjernsyn med, om og for studentar. Kva slags program som kjem på plakaten, vert avgjort av dei involverte, og det er fritt fram for gode idear frå både medlemmer og sjåarar. Programma blir sende på nett, på studenttv.no, så til og med dei der heime kan følgje med på kva som rører seg i studentmiljøeti Volda. Student-TV vart starta så seint som i 2009 og har allereie mange flittige medlemmer, men det trengstframleis studentar til stort sett alle funksjonar. Om du vil skrive manus, vere programleiar, spele inn fiksjonsfilm,lage reportasjar, vere fotograf eller er særs interessert i grafikk, finst det garantert ein plass for deg.
Nettside: www.stvolda.no
E-post: stvolda@gmail.com
VOLDA STUDENTRADIO
Studentane sin eigen radiokanal finn du på voldastudentradio.no. Redaksjonen i studentradioen er ein nettbasert gjeng som sender unike program kvar kveld frå kl. 19:00. Ny musikk, gamle vitsar, beinharde faktaog finurlege reportasjar er detaljar som gjer den vesle stasjonen til Noregs koselegaste studentradio – i tilleggtil to mjuke sofaer og ein brun kaffitraktar. Har du ein knall luftbølgjeidé, eller berre har lyst til å vere med? Send ein e-post eller stikke innom studioet i Aasen-huset om du er i nærleiken.
Nettside: www.voldastudentradio.no
E-post: studentradioen@gmail.com
NATURA
Natura er friluftsgruppa ved Høgskulen i Volda. I over femti år har Natura utfordra elementa gjennom fjellturar, brevandring, surfing og mykje meir. Har du lyst til å oppleve den ville og vakre sunnmørsnaturen tett på, er Natura studentorganisasjonen for deg.
Nettside: http://www.naturavolda.blogspot.com/
VOLDA STUDENTIDRETTSLAG (VSI)
Volda Studentidrettslag (VSI) har rundt 200 medlemmer og held til i Idrettsbygget ved sida av Kaarstad-huset. Det er berre å møte opp på trening, og vi har det alltid berre moro, moro, moro!
Nettside: http://voldastudentil.net/
SYMFONIORKESTERET
Kva seier du til å vere med i landets einaste symfoniorkester som er knytt til ein høgskule? Repertoaret er allsidig, alt frå populærmusikk til symfoniske og kyrkjemusikalske verk. Symfoniorkesteret har som tradisjonå halde årlege konsertar med profesjonelle solistar, mellom anna med Griegs A-moll-konsert. I samarbeidmed Høgskulekoret har mellom anna Händels ”Messias” og ”Elias” av Mendelssohn blitt framførte. Spelar du strykeinstrument, treblås, messing eller slagverk? Du er velkomen til å bli med.
Nettside: www.orkesteret.no
HØGSKULEKORET
Både du som er interessert i musikk, og andre som liker å syngje, kan vere med i Høgskulekoret. Framføringarsom «Juleoratoriet» av J.S. Bach og musikalen «Spelemann på taket» viser litt av spennvidda. Koret samarbeider ofte med Symfoniorkesteret og HVO Brass Band.
RØDE KORS UNGDOM - EIT EIGE LAG FOR STUDENTAR
Er du engasjert, men synest det er vanskeleg å finne rett organisasjon å involvere seg i? Har du hjartet fullt av saker du brenn for? Då er Røde Kors Ungdom noko for deg.
Vi i Røde Kors Ungdom arbeidar med mange ulike hjartesaker, som til dømes humanitært arbeid, seksuell helse og reglar i krig. Vi jobber mot store internasjonale hendingar, for å få folk til å sjå urettferdigheit i verda. Men det er også viktig å arbeide lokalt. Vi har arrangert speed-dating etterfulgt av sex-debatt, suppesøndagar der vi gir ut gratis mat og vi arbeidar med å førebygge einsamheit.
I Røde Kors Ungdom har vi det kult medan vi reddar verda.
Epost: studentlagvolda@gmail.com
Facebook: Volda Røde Kors Studentlag
AMNESTY INTERNATIONAL
Amnesty International er ein verdsomspennande organisasjon som arbeider for menneskeretter. Over mange år har organisasjonen vore med på å hindre tortur, stanse henrettelser og gi beskyttelse til aktivister i fare. Vi i Volda Amnesty studentlag er ein gjeng aktivistar som ynskjer å bidra til dette arbeidet, mellom anna ved å ha underskriftskampanjar på Høgskulen.
Epost: odalykke@gmail.com eller ho_myskja@hotmail.com
Facebook: Amnesty, Volda.
KRIK
Kristen idrettskontakt (KRIK) har fokus på både det åndelege og fysiske på treningane. Har du lyst til å oppleve eit aktivt miljø der kristne verdiar, idrettsglede og gode relasjonar står i sentrum?
Nettside: www.studentkrikvolda.krik.no
VOKS
Volda kristelige studentlag (VOKS) er ein kristeleg studentorganisasjon knytt til Høgskulen. VOKS ønskjer å vere eit inkluderande fellesskap der Jesus står i sentrum. Du kan vere med og gjere fellesskapet friskare og meir stabilt, ogvi håper du vil finne deg til rette og både få høve til å gi og ta imot. VOKS er ein del av NKSS og dermed også ein delav deira motto: “Vi vil gjere Jesus kjent på skular og studiestader så han blir trudd, elska og etterfølgd!”
Nettside: www.voksvolda.blogspot.com
Lokale lag og organisasjonar
|
KFUM Volda |
|
| Møredykk | |
| Volda Dykkerklubb | |
| Volda Handball | |
| Volda og Ørsta Filmklubb | |
| Volda rideklubb | |
| Volda Studentidrettslag | |
| VTI Fotball | |
| Ørsta rock |
