«Kunnskap for framtida»
Volda University College

Historie

Fjerntilgang (fjerntilgang til  datanettverk og digitale ressursar ved HVO når du ikkje er på campus)

Søketeknikk

Formulere søk / søkeprofil

Aktuelle nettstader

Digitalarkivet
Arkivverket sitt tilbod av digitaliserte, søkbare kjelder som t.d. folketeljingar, kyrkjebøker og emigrantprotokollar.

HIFO - Den norske historiske forening
HIFO arbeider m.a.  for å fremje norsk historieforsking og å styrke historiefaget i høgare utdanning og i skuleverket.

Historisk statistikk
Frå Statistisk Sentralbyrå. Historisk statistikk inkluderer historiske publikasjonar i pdf-format, tabellar med tidsseriar som går bakover i tid, etter emne, historisk-statistiske analyseartiklar og norske folketeljingar.

Lokalhistorie.no
Oppbygd i regi av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI). Har som siktemål å formidle kunnskap og dokumentasjon om ulike sider ved lokalhistoria, gi tilgang til lokalhistorisk kjeldemateriale og å gi rettleiing til lokalhistoriske forfattarar og oppdragsgjevarar.

Nasjonalbibliotekets fotoarkiv
Digitale versjonar av fotografi produsert i tidsperioden 1880-1970, med kommentarar.

Universitetsmuseenes arkeologiske samlinger på nett
Gjenstandsdatabase innan arkeologi med kartsøk, emnesøk og utvalde godbitar.

Databasar

1814-bibliografien
Inneheld referansar til monografiar, artiklar i bøker og tidsskrift, biografiar, dagbøker, m.m. der 1814 anten er eit hovudtema, eller inngår som del av ein større heilskap.

1905-bibliografien
Inneheld m.a.: kronologisk oversikt 1814-juni 1906, fulltekstdokument, lenker til dei digitale avisene som er lagt ut ved Nasjonalbiblioteket: 1905-årgangene av Aftenposten, Dagbladet og Socialdemokraten samt dei tre svenske avisene Nya Dagligt Allehanda, Dagens Nyheter og Social Demokraten, bibliografi med referansar til bøker og artiklar - utgjevne i Noreg og Sverige 1885-2005.

Bibliografi til Norges historie
Referansar til bøker, småtrykk, monografiar i seriar og artiklar i tidsskrift og årbøker, utgjevne i Norge 1980-1997. Ein del bøker og artiklar utgjevne i utlandet er inkludert.

Hovudoppgåver i historie
Referansar til hovudoppgåver levert ved norske universitet 1945-1993.

Norart
Erstattar Bibliografi til Norges historie frå og med 1998.

Oppslagsverk

lokalhistoriewiki.no
Nettstad for m.a. lokalhistoriske leksikonartiklar og kjeldearkiv som Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) driv. Artiklane blir skrive av frivillige med interesse og kompetanse innanfor dei felta leksikonet dekkjer.

Tidsskrift og aviser

American Historical Review
Vitskapleg tidsskrift frå University of Chicago Press, i fulltekst frå 1985 (ikkje siste 12 mnd).

Digitale aviser
Eit utval norske aviser frå 1763 og fram til i dag.

Historisk tidsskrift
Årgangane frå 2002-d.d. i fulltekst via tidsskriftbasen Idunn.

Historisk tidsskrift og Heimen, søk i registra.

History
Vitskapleg tidsskrift frå Blackwell, i fulltekst frå 1990 (ikkje siste 12 mnd).

History & Theory
Vitskapleg tidsskrift frå Blackwell, i fulltekst frå 1985.

Scandinavian Journal of History
Vitskapleg tidsskrift frå Routledge, i fulltekst frå 1998 (ikkje siste 12 mnd).