«Kompetanse for framtida»

Kompetanse for kvalitet

INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Larar_web_LINE_SJOHELLE_2012_1_16_650_kompetanse_for_kvalitet.jpg

Kompetanse for kvalitet er ei satsing på videreutdanning for lærarar og skuleleiarar. Målet med satsinga er å styrkje lærarar og rektorar sin kompetanse, som vidare skal gi elevane auka læringsutbytte og motivasjon i skulen.

Studietilboda er knytt til læraren sitt daglege arbeid i skulen, der yrkespraksis blir nytta både som refleksjon og utprøvingsarena.  Lærarar som ønskjer å delta kan søkje om å få ta videreutdanning dersom dei har lite eller inga fordjuping i faget frå tidlegare.

Høgskulen i Volda sine tilbod

Norsk

Nynorsk i opplæringa, 8.-13. årssteg (einaste i landet!)
Norsk 2, 1.-7. årssteg

Engelsk

Engelsk 1, 1.-7. årssteg
Engelsk 1, 5.-10. årssteg
Engelsk 2, 5.-10. årssteg

Matematikk

Matematikk 1, 1.-7. årssteg
Matematikk 1, 5.-10. årssteg
Matematikk 2, 5.-10. årssteg

Naturfag

Naturfag 1, 5.-10. årssteg
Naturfag 2, 5.-10. årssteg

Korleis søkjer du?

Lærarar som vil delta på studietilboda i ordninga, må søkje direkte til Utdanningsdirektoratet sin søknadsweb (lenke kjem 1. februar). 

Før du søkjer: Les om søknadsprosessen på Utdanningsdirektoratet sine sider.

Søknadsperiode 1. februar – 1. mars 2017.

Finansiering

Du kan velje mellom to finansieringsordningar. 

vikarordning

I vikarordninga vert du frigjort frå delar av dei ordinære arbeidsoppgåvene dine, og du får du tid til å studere utan at du går ned i løn. Skuleeigar har ansvar for å dekke kostnadar knytt til reise, opphald, læremidlar, etc.
Dette er vikarordninga.

Stipendordning

Søker du om stipendordning kan du få inntil 100 000 kroner i stipend for å ta inntil 30 studiepoeng. Kor mange studiepoeng du tar bestemmer kor stort stipend du kan søke. Du bestemmer sjølv om du vil bruke delar av stipendet til å få fri for å studere, eller om stipendet skal vere ei ekstra inntekt i tillegg til jobb.
Dette er stipendordninga.

Les meir om skattereglane for utdanningsstipend.

Ytterlegare informasjon

På Utdanningsdirektoratet sine sider er det samla relevant informasjon for deg som er søkjar, skuleleiar eller skuleeigar. Du kan mellom anna lese om erfaringar frå andre som har teke vidareutdanning og du kan fordjupe deg i strategiplanen Kompetanse for kvalitet

Kontakt

Ole Frank Bakken
E-post: ole.frank.bakken@hivolda.no
Telefon: 7007 5058