Kontakt oss om kurs og oppdrag

Oddbjørn Nes

T: 70 07 50 55

E: oddbjornn@hivolda.no

 

 

Kurs og oppdrag

Høgskulen i Volda samarbeider med offentleg og privat verksemd om kompetanseheving. Saman med fagmiljøa tilbyr vi fleksible variantar av ordinære studium eller alternative kompetanseløysingar som er tilpassa oppdragsgjevar sine behov.

Høgskulen i Volda ønsker å tilby vekst og livslang læring til deg som vil utvikle deg vidare.

Kompetanseheving har ulike målgrupper og metodar 

  • Høgskulen i Volda har eit stort utval av vidareutdanningar som på ulike måtar og i ulik grad er tilpassa deg som treng fleksibilitet. Søk i den elektroniske studiekatalogen vår, og finn ut korleis du kjem deg vidare.
  • Høgskulen i Volda kan på bestilling tilby etter- og vidareutdanning innanfor dei fleste fagområda våre til bedrifter, kommunar, barnehagar, skular o.a. Vi kan utvikle eigne kurs og utdanningsløp spesielt tilpassa oppdragsgjevaren. Kontakt oss for å høyre korleis vi kan tilrettelegge ei utdanning for dine tilsette.

Nyhende

Forskingsveiledning i høgare utdanning
Utdanningssystemet vert reformert. Det vert m.a. stilt krav om at studentane skal skrive bacheloroppgåve. Høgskular og universitet får tildelt fleire masterutdanningar. Til saman skaper dette store utfordringar for utdanningsinstituasjonane. Ei av dei er å auke kompetansen til faglærarane som skal rettleie studentane i skriving av bachelor- og masteroppgåver. Det er strenge krav til vitskapleg innhald i slike oppgåver og strenge krav til nivået på rettleiinga.
Les meir [07.05.2012]
Nytt studium: «Helse og omsorg i plan»
For å bedre kompetansen innen kommunalt og regionalt planarbeid har Helsedirektoratet gitt Kommunenes Sentralforbund ved Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) i oppdrag å etablere et utdanningsprogram, «Helse og omsorg i plan» på mastergradsnivå, i samarbeid med mellom andre Høgskulen i Volda.
Les meir [04.05.2012]
Musikk i demensomsorga
Rundt femti aktive og engasjerte deltakarar frå pleie og omsorgssektoren er i dag samla på Høgskulen i Volda for å oppleveseminaret Musikk i demensomsorga.
Les meir [26.04.2012]

Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Steffen Djupvik Brandtzæg 03. januar 2012 kl. 16.37 Publisert med NetEd : Publish