Kurs og oppdrag
Høgskulen i Volda samarbeider med offentleg og privat verksemd om kompetanseheving. Saman med fagmiljøa tilbyr vi fleksible variantar av ordinære studium eller alternative kompetanseløysingar som er tilpassa oppdragsgjevar sine behov.
Høgskulen i Volda ønsker å tilby vekst og livslang læring til deg som vil utvikle deg vidare.
Kompetanseheving har ulike målgrupper og metodar
- Høgskulen i Volda har eit stort utval av vidareutdanningar som på ulike måtar og i ulik grad er tilpassa deg som treng fleksibilitet. Søk i den elektroniske studiekatalogen vår, og finn ut korleis du kjem deg vidare.
- Høgskulen i Volda kan på bestilling tilby etter- og vidareutdanning innanfor dei fleste fagområda våre til bedrifter, kommunar, barnehagar, skular o.a. Vi kan utvikle eigne kurs og utdanningsløp spesielt tilpassa oppdragsgjevaren. Kontakt oss for å høyre korleis vi kan tilrettelegge ei utdanning for dine tilsette.
Oppdatert av Kristian Fuglseth 30. november 2009 kl. 12.42 | Publisert med NetEd : Publish



