| INTERVJU:
Trygve
Bull - ein fritenkjar i Forbundet
-Det er ei misforståing at eg er så oppteken av
religiøse problem, at eg er meir religiøs enn før. Nei, det er heller
omvendt, seier Trygve Bull i dette intervjuet, som vart skrive for nokre
år sia. Bull døydde vinteren 1999, og var kjend som motdagist,
språkpolitikar, stiftar av SV og aktiv debattant. Fortida hans i det som
nå er Norges Kristelige Studentforbund
kjenner få til.
Ein
bokleg bakmann
Gudmund Harildstad stikk seg ikkje fram. Men arbeidet han gjer, er viktig nok. Det er Gudmund som har sytt
for at livsminna til den norskamerikanske pressemannen Kristian Prestgard
har vorte gitt ut. To bøker av ein av dei fyrste lokalhistorikarane i
Noreg, Ivar Kleiven frå Vågå, har han au redigert. Det er ikkje alt.
Den
hemmelege forfattaren
I eit halvt års tid brukte han nesten all fritida
si på å skrive ein roman. Ennå veit han ikkje om noko forlag vil gje ut
verket, men han har i det minste hatt to lesarar.
Herman
lever i eit kjempeeksperiment
Frå august 1998 til våren 2000 underviste Herman
Baskår folk på landsbygda i Sør-Afrika i kunsten å laga radioprogram.
Overgangen var stor frå programleiarjobbar og sjefsstilling i NRK Petre.
- Her er det valg og kaos og kriser på løpende bånd. Det er som å leve
i midten av et kjempeeksperiment. Kjedelig kan man ihvertfall ikke si at
livet i Sør-Afrika er, tasta Herman frå datamaskina si ein stad i
Mandela-land.
Frå
Kopervik og Volda til NY og Norway Times
Ragnhild Risholt studerte journalistikk i Volda
med praksis i New York. Etter endt utdanning vende ho attende til USA, og
vart redaktør og gift.
Kulturambassadøren
Kamilla
Stor! Det er ordet Kamilla Aslaksen bruker om
interessa for Noreg i Nederland. Frå 1994 til hausten 1999
arbeidde ho som universitetslektor i norsk ved Universiteit van
Amsterdam. Kvart år fullfører mellom fem og ti studentar hovudfag i
norsk her.
Høgskule
på Sunnmøre i 1698
I 1811 fekk Noreg sitt fyrste universitet, men alt i 1698 sat det ein kar
på Sunnmøre og tenkte på ein annan akademisk institusjon, høgskulen.
Og han skreiv om det.
Norsk
i Nederland?
Ved Hoorn i Nederland ligg Marken. Namnet har staden
fått etter Telemark, av innvandrarar frå Noreg for nokre hundreår sia.
Der skal det bu ei dame som nå er 104 år gammal, og ho snakkar eit
blandingsmål mellom nederlandsk og norsk. Kan dette vera sant?
1732
Høtten
Den dagen eg skulle sjå 1732 Høtten, samla
eg inntrykk som kunne setja storbyen i eit dårleg lys, slik at eg var stålsett
mot det eg venta skulle møte meg . Eg fann ut at 1732 Høtten
ikkje skildrar bygde-Noreg, men eit gudlaust samfunn. Og det er ein ganske
god film.
Frå
innsida av eit tidsskrift
Tidsskriftet akt blir gitt ut av Norges
Kristelige Studentforbund. Redaksjonsmøta i eit slikt tidsskrift er lærerike,
og resultatet av høgtflygande tankar kan bli rett så bra. Og redaksjonen
har ikkje glømt bildebibelen til Dore...
GUDMUND HARILDSTAD:
Garborg
og Labråten - mål og namn
I grannelaget til Garborg-heimen på Labråten i Asker, budde det kring førre
hundreårsskiftet fleire målfolk. Kjært barn har mange namn, heiter det
gjerne, og målmiljøet kring Garborg-heimen hadde fleire namn - Målbakken,
Måldalen, Målkroken og Svolkopp.
Omsetjaren
Johannes Horvei
Johannes Horvei sette i si tid om ei mengd bøker frå engelsk til
nynorsk. Namnet hans er no mesta gløymt, trass i at han har sett om
verdskjende forfattarar til norsk. Det kan såleis vera verdt å skrive
litt om Horvei, meiner Gudmund Harildstad. Garborg-klubb
i Chicago i 1890-åra
Forfattaren Arne Garborg hadde også ein tilhengjarskare i USA. Med
Garborg-året 2001 i tankane er det forvitneleg å vita at det på
1890-talet var ein Garborg-klubb i Chicago .
| Her
er det godt om
plass…:På Vestads
vevstad kan du få "netta" artiklar du har
liggjande! Det er teke inn dikt og ferjesongar, ei utgreiing om
media i Tanzania, og artiklar om ord, fenomen og media - og mye
anna. |
Korfor
heiter det heimeside?
Ordet heimeside oppstod ganske sikkert som ein teknisk allegori. No har
ordet kanskje også fått andre tydingar? Og det kan nok hende at ordet
har framtida attom seg, meiner Hallvard Østrem.
|
Det
merkelege namnet Guren
Musikaren
og songaren Guren Hagen har eit sjeldant fornamn. Dette namnet er ikkje så
lett å bli klok på, om ein da ikkje har tilgang til Norsk
personnamnleksikon.
”Vi
må bekjempe terroren og ta det onde ved roten”,
sa Jens Stoltenberg dagen etter angrepet på World
Trade Center. Stoltenberg seier langt meir
enn han sjølv forstår. Metaforane hans er dødelege, meiner Jan
Fredrik Hovden.
Ma
og pa - det fyrste vi sa?
Ein gong hørte eg at ordet 'om'
skulle vere opphav til alle andre ord. Dette ordet har i fleire tusen år
vorte brukt i bønn og meditasjon. Leppene rundar seg fyrst til den opne
vokalen, og møtest så att til konsonanten, 'om'. Når eit spebarn ligg
ved brystet til mor si og blir amma, skjer det same. Og snur ein på 'om'
og legg til ein 'r', så blir ordet 'mor'. Er det det eldste ordet som
finst?
Nå
har jei vært i Oslo en uke
- å i ska vare herno ei veke te… Slik sa han det, romsdalingen i
Oslo som ikkje riktig visste kor han høyrde heime i språket. Greitt nok
det, eg må innrømme at eg knotar iblant, eg au, for eksempel når eg er
i Finland eller Danmark. Det er betre å bli forstått enn ikkje å bli
forstått, seier eit visdomsord, og stort sett held vi oss heime i språket
vårt, her til lands.
Kvinnene
i målstriden
Rundt 1900 var etter måten mange kvinner med i striden for norsk språk,
og dei fleste av dei var også kvinnesakskvinner. Synnøve Riste i Volda
var ei av dei.
Fare
for det maltesiske språket
Det maltesiske språket står i fare for å bli massakrert, meiner
undervisningsministeren på Malta. Den vesle øyrepublikken i Middelhavet
har om lag 375 000 innbyggjarar, og det er engelsk som held på å kvele
maltesisk.
Uråd
å få patent på plattysk
Plattysk er for ulikt tysk til at det kan brukast når ein søkjer om
patent. Derimot kan ein søkje om patent på tyske dialektar, har det
tyske patentkontoret i München avgjort.
Nyheiter
om språk får vi hos Eurolang
Nyheitstenesta Eurolang er noko språkinteresserte burde få med seg.
Omtrent dagleg blir det lagt ut språknyheiter frå heile Europa på
nettstaden til Eurolang. Her kan ein lese om arbeidet for å styrkje det
skotske språket, om språkvedtak i Tyskland og språkbråk i Austerrike,
for å nemne noko.
Romaniatyskarane
gjev seg ikkje
I Sibiu i Romania bur det berre om lag 2500 med tysk som morsmål. Likevel
har byen tyskspråkleg ordførar. Det er vekeavisa Herrmannstädter
Zeitung som fortel dette. Også denne avisa er eit bevis på at den gamle,
tyske minoriteten i Romania ikkje forsvinn så lett.
Språkleg
toleranse
Det er ikkje noko nytt at det er strid om språk i Noreg. Rett som det er
får vi høyre at det er unødvendig med sidemål, at det er for mykje
nynorsk i media, og at det kostar å ha to målformer. Språksituasjonen i
Noreg er spesiell, men uroa kring språk har parallellar i mange andre
land. Kronikk trykt i Dagbladet.
Jeg
ha kjøpes en program
"Saksøke var hen sist natt til ren off noe av
de materiale at didn't behøve til blir på my PC. Jeg haven't lese boken
på hvordan til do denne, men decided til gå ahead og sende deg en
meddelelse." Kva slags norsk er dette?
Ei
tale for nynorsken
I 1999 feira nynorsken eit lite og viktig
jubileum. I 1929 vart det vedteke at målet Ivar Aasen arbeidde fram,
skulle heite nynorsk. Det er meir schwung over namnet 'nynorsk' enn 'bokmål'
- det signaliserer noko nytt og friskt.
Ferjesongar
frå Vestlandet
Ferjene bind store delar av kyst-Noreg saman. Dei er
til glede og irritasjon, ikkje minst det siste når ein ikkje rekk ferja,
eller ikkje får plass. Hans Morten Sundnes har dikta ferjesongar som folk
kan syngje med på.
På
hyttetur med Matias Meand
No kan du lesa frå den ikkje utgitte romanen om
Matias Meand! Matias er lærar og busett rett vest for Oslo. Han er
med i eit offentleg utval i samband med tusenårsskiftet. Leiar for
utvalet er Rannveig Hansen, ei New Age-prega dame Matias viser interesse
for. I dette kapitlet er han på hyttetur med Kåre Willoch, Rannveig
Hansen og andre i utvalet.
Svensk
i Estland
I hundrevis av år har svensk vorte snakka i
Estland. Da andre verdskrigen braut ut, var det om lag 8000
estlandssvenskar i landet. Nå reknar ein med at det berre er att eit par
hundre som snakkar det gamle estlandssvenske språket. Men - ei ny
"svenskebølgje" er på veg.
På
kvar si side av gata – i kvart sitt land
Lengst sørvest i Danmark ligg landsbyen Rudbøl
attmed elva Vidå. Det vil seia – på den eine sida av elva ligg Rudbøl,
på brua står det grenseskilt til Tyskland, og dermed er vi i den tyske
landsbyen Rosenkranz. Nesten. For på den tyske sida er det ein liten flik
Danmark.
Korfor
skriv finlandssvenskane dikt?
Finlandssvensk etterkrigslitteratur er prega av
borgarskap, kvinner og utkantområdet Österbotten. Språk og identitet
viser seg på ulike måtar i den finlandssvenske prosadiktinga etter 1945.
Og det er muleg språksituasjonen i Finland har gjort dei svenskspråklege
i landet så ivrige til å skrive dikt.
Ord
og ordoverleving i vågåmålet
Ein gudbrandsdøl veit kva 'Lugum' tyder. I ei
ordliste med ord frå vågåmålet frå siste halvdel av 1700-talet står
`lugum` skrivi med tydinga 'At være beqvem'. Her finn vi også uttrykket
'Klæva galin', som ikkje har noko med Kleva-gardane i Gausdal å gjera,
men med å vera 'Meget forlibt' - vill etter å komma seg på kleven,
soverommet ... Og adjektivet 'klevegalen' kan vel ha aktualitet i dag også.
Men blir det brukt?
Mållaget
som ikkje er
I nynorsk-Noreg er Ølve mållag noko heilt
spesielt. Dette laget samlar nynorskfolk som vil støtte Noregs mållag
utan å ha verv. Eit anna særlag er Internettet mållag - eller er
det ikkje det? Laget har all aktiviteta si på nettet, samlar folk
frå heile verda, og ikkje alle av dei er nynorskbrukarar.
Frå
skrivebordsskuffa til Setesdalsforlaget
Ånund K. Homme kan oppfylle drømmen mange har om
å gje ut bok. Forlaget hans. Setesdalsforlaget, har sia starten i 1997
komme med kring førti bøker og hefte. Rekordopplaget for ei bok er på
heile (?) 200 eksemplar. Og at det ikkje er lett å få bokhandlarane til
å selja bøkene til det vesle nynorskforlaget, opplevde Homme i Volda, i
tjukkaste nynorskland.
Smi
mens liket er varmt....
"Etter det jeg har hørt om journalistenes
arbeidsmetoder i forbindelse med drapet på Kristin i Hedrum, blir jeg
helt kvalm." Det skriv ein nabo i eit tankevekkjande brev.
Giftermål
og mord i Bergen
Teologen Absalon Pederson Beyer (1528-1575) skriver
om alt fra merkelige skyer på himmelen til festligheter, drap og
begravelser i sin dagbok fra Bergen. Noen smakebiter er nå lagt ut på
nettet.
Dei
døde snakkar...
I mellomkrigstida var spriritisme på mote i Noreg og
Norden. Spiritsimebølgja rir ikkje akkurat breiddegradane våre nå som
da mediet Ingeborg frå Østfold var aktiv... Ho og andre meinte dei fekk
bodskap frå "den andre verda", og kan det vera noko i det?
Kvinner
forstår vanskelege ord!
I eit par tiår har det vore ei uomstridd (?) sanning
at kvinner forstår færre vanskelege ord enn menn. Slik er det nok
ikkje i dag, syner undersøkinga KVON.
RadioDirectory
- norsk radiobase på internett
Wilhelm Andreas Eilertsen heiter mannen bak den
verdsomspennande radiobasen RadioDirectory. Sia januar 1998 har han samla
opplysningar om radiostasjonar, programleiarar, radiohjelpemiddel og alt
muleg anna som har med radio å gjera. Snautt eitt år etter nærma talet på
oppføringar seg 5000.
|
BJARTE ALME:
Ut
i verda
Stundom
kan vi lese om dei tyske byane Cologne og Munich, om austerrikske
Vienna, og dei italienske Venedig og Neapel. Dei tre første
namna blir brukte i engelsk, dei to siste i tysk, men ikkje i
dei landa der byane ligg.
Fast
food frå prestane
I seinare år, alltid i perioden mellom karnevalstida og påske, har eg
falle i stavar over eit ord frå forkynnar- og presteskapet. No er eg
ikkje av dei flittigaste til å høyre på dei som tolkar Herrens ord, men
eitt av dei har hengt seg fast (!). Ordet er faste, faaaste, skriv
Bjarte Alme.
Håndvåpen
til plage
Det har vært holdt en konferanse om eller mot håndvåpen.
I tilfelle et forbud, blir det viktig å få klart for seg hva dette
egentlig handler om. Bjarte Alme har undersøkt kva som ligg i
omgrepet handvåpen.
«Holocaust»
- ei gjendøyping
Iblant hender det at gamle og nærmast
ukjende ord bryt opp frå eit skuggetilvære i større ordbøker, og blir
allemannseige under ei ny tyding. Dette hende for få år sidan med ordet
«holocaust».
Jåleri
med ord
Vi som kom til verda eit halvt saeculum pluss eit
decennium og vel så det før utgangen av vårt millennium, er nok ikkje
heilt oppdaterte og fancy i ordforrådet. Men vi trur vel vi er gamle nok
til å seie frå om det vi ser som dårskap og jåleri i allmenn språkbruk,
skriv Bjarte Alme.
GUNNAR LINDGREN:
Nattvardsgång
bakom trosridån
När ni på er semester i Nordeuropa har litet tid över, kan jag
verkligen rekommendera en utflykt till andra sidan trosridån för att få
en god bild av katolikens levnadsvillkor. Som svensk och präglad av den
evangelisk-lutherska tron kan det vara givande att vidga sina vyer, genom
att ta del av andra trosåskådningar.
Skorpor
- det hemliga vapnet
Ett matrecept har troligen använts för första gången på mer än 280
år. En professor i Uppsala har låtit baka skorpor efter ett recept från
1717. Dessa skorpor skulle användas i Karl XII:s fälttåg mot Norge.
Karl införde en nymodighet i krigföringen, att man skulle ha med sig
egen mat i fälttåget! - Gunnar Lindgren har leitt i arkiv, og
fortel om brødet som kunne ha endra historia. Oppskrifta og ein rapport
om jakta på henne er også å lese.
Arland
och Arlanda
Vi har alla ställt oss frågan vem som besudlade det stolta, fornnordiska
namnet Arland med det parasitiskt pådyvlade -a. I det följande
presenteras svaret på denna gåta som har gäckat den flygburna
befolkningen, skriv Gunnar Lindgren.
INDIA:
All
India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
I India er det to medium som gjeld, fjernsyn og avis.
Ingen av dei mediefolka eg møtte i landet sa dei brukte å høre på
radioen, men derimot uttalte dei seg temmeleg kritisk om All India Radio.
På fire veker hørte eg radio berre eit par gonger, men det kunne eg vel
ikkje fortelja radiodirektør Rao?
Vanskeleg,
men muleg å skrive kritisk i Kodagu Front
- Da vi ville skrive om ulovleg hogst, vart vi bodne
gratis tømmer. Vi skreiv, og mange mista arbeidet. Men det er ikkje lett
å skrive kritisk her, fortel G. Rajendra. Han er redaktør i den sørindiske
lokalavisa Kodagu Front, "The Newspaper with a difference".
I
hinduistavisa Hosadigantha
Avisa Hosadigantha ligg lengst ned i ein blindveg i
eit kaotisk industriområde rett nord for byen Mangalore i sørvest-India.
Etter at vi har kjørt forbi nedslitte bygningar og nokre kyr, kjem vi i
styrtregn til avishuset der Aravind Bijor er sjefredaktør. Her bruker
journalistane det meste av tida si på avskrifts- og omsetjingsarbeid.
Frå
frigjeringsmiddel til pengepresse
Mahatma Gandhi var journalist og redaktør for to
aviser. Nehru var også avisredaktør. I India har politikk og
journalistikk gått hand i hand, fortel Varadesh T. Hiregange. Han er
journalist i Deccan Herald, ei av dei store engelskspråklege avisene i
India. Hiregange meiner journalistikken i landet har utvikla seg frå å
vera eit verkemiddel i frigjeringa til å bli eit produkt.
Volda-Mangalore
1-1
Høgskulen i Volda har i fleire år samarbeidd med
Mangalore University i den sørvestindiske delstaten Karnataka.
Media
in India as independent as in the US
Less
about environement in Indian press
Mitt India: Bilde
(med noko rot, dessverre) + tekst om trafikk,
handel, Taj
Mahal, kaffi, politikk
Spåmann:
-Du blir aldri rik!
Uventa
utfall i kritisk intervju
Dikt på vevstaden:
Til glede for diktvenner - no kan de lese to
barnedikt, dikt om ro
og vind, og dikt om tru
og trøyst på Vestads vevstad
FRÅ PRIVATEN:
* Volda - Oslo: Om
ein leitar, har stader som Volda og Oslo mye felles.
* - Eg er ein by!
Korfor kan ikkje eit menneske erklære seg som by?
*Metrofili og
heimstadglede: Dei mest urbane er metrofile.
* Det har vorte så
vanskeleg å meine noko - kronikk.
* Eg kyssa aldri Sissel:
Det er sjølvsagt Sissel Kyrkjebø eg tenkjer på.
* … I et no ikkje
kalgræut mæ nævå færdi - eller: Det gløymte folket Romsdalingane
er eit gløymt folkeferd.
|