| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |
 

Ymseposten er eit magasin med artiklar om alt frå Volda til verda. 
Bokinnsynet inneheld små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst  journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburet inneheld stoff som absolutt er  forelda.

Volda - Oslo

Det er viktig å finne særpreg ved stader. Somme stader er kjend for flott natur, andre stader for spennande butikkar og restaurantar, for råkjøring og bildilla, eller for song- og musikkliv. Ein del hengjer seg kanskje litt for fast i det som skil mellom plassar, der det som ikkje er som heime, er negativt. Men om ein leitar, vil ein til dømes kunna sjå at stader som Volda og Oslo har mye felles. 

Det viser seg også at Volda har ein del ting som Oslo manglar. Det betyr ikkje at det er noko gale med Oslo, men berre at stadene ikkje er knall-like. Det skulle elles berre mangle! Oslo har om lag ein halv million innbyggjarar, Volda cirka 10000, medrekna tilreisande skuleelevar og studentar. Men lat oss for ein gongs skuld sjå på likheitene mellom Volda og Oslo. 

Dette har Volda til felles med Oslo:
Forstader: Oslo har Asker og Bærum, Volda Folkestad og Lauvstad
Eigen innsjø: Oslo har Sognsvann, Volda har Rotevatnet
Bakkar: Oslo har Holmenkollen, Volda har Engeset/Klepp 
Mange damer 
Fjortisar
Originalar
Ølsal i butikkane
Narkomane
Fleire lokalradiostasjonar
Journalistutdanning
Klesbutikkar
Kebab
Servering av kaffisortar med rare namn
Uteservering
Mange konsertar
Fyllearest
Millionærar
Professorar
Sosialklientar
Bønder
Utlendingar
Utestader
Høgre-styre

Når sant skal vere sagt, så er det eitt og anna Volda har, som ein (omtrent) ikkje finn i Oslo.   

Dette manglar Oslo:
Utsikt nesten over alt
Fjellområde som gjer Holmenkollåsen til ei  rosa opphovning
Fersk Brænne-brus 
Svinemør og spekemør som gatekjøkkenmat
Ei kyrkje der folk syng ivrig med
Kyrkjeverjeutdanning
Animasjonsutdanning
Innarbeidd nachspielkultur
Hyppige ferjeavgangar
Småbåthamner i og ved sentrum
Fjell nær sentrum
Ordentleg (u)ver
Sveletradisjon
Overkommelege bustadprisar
Innsjø ved sentrum
Gardsbruk ved sentrum
Sunnmørsdialekt på alle hjørne
Nynorsk i offentleg administrasjon
Skitrekk så nær at heile sentrum kan reknast som afterski-arena
Eigen komet-oppdagar, Knut B. Aarseth
Knut Bere som ordførar

Det Volda måtte mangle, er for detaljar å rekne.

Denne lista er utarbeidd med hjelp av Tore Ellingseter, Frode Stang og Hans Morten Sundnes. Ho vart lagt fram på ein avslutningsfest for mediestudentar ved Høgskulen i Volda 31. mai 2000. Dette er ei noko omarbeidd utgåve som vart lagt ut på nettet 3. juni 2000.

Av Jon Peder Vestad
 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |