| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

    ”Vi sjåast, sa manna”

Gløym alt du har lært om transitive og intransitive verb, lat alle formaningar om samsvarsbøying gli stille ut or minnet, lat gå i gløymeboka alt lærarar har fortalt deg om kommareglar, subjektspredikat og skilnaden mellom adjektiv og adverb. Ingen bryr seg lenger om dei grammatiske reglane likevel.

Eg hadde ikkje før lært reglane før eg såg at alle braut dei. So fort eg hadde lært meg å bøye verba rett såg eg at dei aller fleste bøygde dei feil. Knapt før eg hadde lært meg å beherske og/å-reglane innsåg eg at sers få andre kunne dei òg. Det var nett nyleg at det gjekk opp for meg kor lite det å vere språkleg korrekt har å seie i dagens Noreg.

Lat oss fyrst byrje med det elementære vokabularet. Det finst folk som ikkje veit at ein berre har lov til å skrive Noreg (ikkje Norge) i nynorsk, det har gått dei fleste hus forbi at ord som kun, man, spise , edderkopp og speilegg er reine bokmålsord. Det store fleirtalet ser ut til å blåse i den store inkonsekvensen det er å skrive i dag brukar eg og i går brukte eg.

Teiknsetting er neste post på programmet. Berre ved å kaste eit blikk på ordformer som Andrè, kafè og sufflè kan eg fastslå at den gjennomsnittlege nordmannen ikkje veit skilnaden mellom trong e og open e som etter mønster frå fransk – som desse orda er lånte frå – er markerte med aksentar.

Alf Hellevik si namngjetne, gule ordliste seier eksplisitt at ein skal bruke subjektsforma av dei personlege pronomena etter verba vere og verte/bli, altso heiter det Var det du? i tydinga Var det du som kom med toget? , ikkje deg, som i tydinga Var det deg (som) eg såg på toget?. I bokmål og det munnlege språket er det no meir og meir vanleg å bruke objektsforma konsekvent, òg etter verba vere og verte/bli. Det var ikkje lenger du, det var deg.

Ved intransitive verb – verb som ikkje kan ta direkte objekt – verkar det for meg mest logisk å bøye partisippet i kjønn og i tal, pluss at eg bruker vere som hjelpeverb i staden for ha, den same praksisen som vert gjort i til dømes fransk; Ho er komen, Det er kome, Dei er komne. Former som dei har kome vert diverre stadig meir populære og verkar for meg heilt ulogiske med omsyn til dei grammatiske reglane for bruk av intransitive verb.

I mars 2003 skreiv den no avlidne nynorskpersonlegdomen Herbjørn Sørebø om den språklege bastarden Vi sjåast i si faste spalte i nynorskavisa Dag og Tid. I teksten meinte han mellom anna at ”vi sjåast er grei nynorsk” og at han hadde full forståing for at dette uttrykket kanskje verka litt rart sia det var ganske nytt. Som belegg for påstanden sin trekte han fram det lågtyske ordet betale som samanlikning og skildra korleis dei gamle landsmålsslitarane konstruerte innvikla setningar for å unngå å bruke ordet betale. Med dette meinte han altso at vi sjåast med tida ville verte sett på som ”rettare”, akkurat som ”framandordet” betale.

Berre for å seie det, eg har full respekt for Sørebø og arbeidet hans for nynorsk i media (sjølv om eg har vanskar med å svelgje at det var han som freista å føre inn Norge som sideform til Noreg tidleg på 90-talet), det er vel berre dei færraste som har gjort sopass mykje for språket vårt. Men når han på slutten av ein unik og på alle måtar vellukka karriere kom med eit slikt utspel som dette, var det berre rett og rimeleg at eg svarte på innlegget hans og retta han stille og diskret. Det var det fleire som gjorde òg, i fleire veker etterpå var lesarspaltene i Dag og Tid fulle av harme innlegg frå heile landet.

Konstruksjonen vi sjåast er feil med omsyn til verbbøying, refleksive verb er ikkje anna enn verbet + -ast. Sia verbet å sjå vert bøygd sjåsersåg - har sett (eventuelt er sedd, er sett, er sedde) må det refleksive verbet i teorien verte bøygd å sjåast  sest – (sågst - har settst). No er det berre i presens og infinitiv ein møter på i dette verbet, so fortid og partisipp av dette verbet er konstruert reint teoretisk. Er det snakk om fortid seier ein gjerne vi såg kvarandre eller vi har sett kvarandre.

I grove trekk var det dette eg skreiv i innlegget mitt, som stod på trykk i avisa Firda i slutten av mars 2003. I kjølvatnet av dette (og Sørebøs bortgang) fekk eg ein illsint e-post frå ein av hans slektningar, der eg vart skulda for å vere ”paranoid” og for å kome med ”grunnlause påstandar”. Indirekte vart eg òg skulda for å vere pedantisk og unaudsynleg pirkete, argumentet til slektningen var at ”vi sjåast er jo eit godt, norsk uttrykk likevel”. Eg vart fortalt at språk var noko som stadig endra seg, eg vart strengt irettesett med at eg ikkje kunne gjere noko med utviklinga, eg hadde ikkje makt til å ”halde attende språket” slik eg ville ha det. So mykje for å korrigere andre sine feilgrep.

Det var den dagen eg innsåg at når det gjeld fleirtalet si meining, so speler det inga rolle kor mykje rett eg har når eg seier at det er stor skilnad mellom presens og infinitiv. Det seier seg sjølv at når til og med ikkje Finn-Erik Vinje vert høyrd på når han i dei store, riksdekkjande avisene fortel om kommareglar og rett bruk av lengre/lenger, so er det ikkje lett å arbeide for at språket skal verte brukt på ein korrekt og tilfredsstillande måte. Dei færraste vil innrømme at dei har feil, betrevetarar er dårleg lika.

Kanskje er det slik at ”felles feil skaper regel”. Viss dét er tilfelle, kva då med dei fastlagde, vedtekne reglane som allereie er der? Kor skal vi gjere av dei? Frå då av slo den smertefulle sanninga ned i meg : det er folket og fleirtalet som formar språket, ikkje sunn, grammatisk fornuft. Den einaste grunnen til at det er feil å skrive ei mann er at ingen andre har gjort det før meg. Påstanden til Sørebø sin slektning om at eg ikkje har makt til å ”halde attende språket” verkar då både mot meg og med meg; viss eg ikkje kan halde attende språket, so får eg heller endre det. Det ser ut til at det er det lettaste...

Av Daniel Vagstad

Lagt ut på nettet 28.10. 2003 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |