| |
|
Vil media ha folk
som bruker bokmål?
Dette spørsmålet
ville aldri ha vorte stilt. Men hadde vi skifta ut bokmål med
nynorsk, er ikkje spørsmålet like unaturleg. Her skal du få svar.
Ja, media vil ha
nynorskfolk. Men ikkje nødvendigvis, ikkje alle og ikkje over alt. Og det er
nødvendig å skilje mellom etermedia og andre medium. I radio og fjernsyn er
det rom for nynorskbrukarar, både i NRK, TV2 og P4. I NRK lyt folk velje
mellom bokmål og nynorsk når dei skal arbeide med nyheiter, og det er ei
kjent sak at ikkje alle av oss passar til å snakke noko som liknar bokmål,
eller vil det.
Nynorsk =
nyheitsspråk?
Språkpolitikken dei
store radio- og fjernsynsselskapa har lagt seg på, varierer noko, men
iallfall i nyheitssamanheng er det ikkje noka uttalt ulempe at folk held seg
til nynorsken. Vi kan sjå at det kan skorte på nynorske undertekstar i TV2,
men det er ei anna sak. I private lokal-tv-stasjonar hender det seg au at
nyheitsfolk bruker nynorsk.
I andre
programsamanhengar er det ikkje så vanleg å møte nynorskbrukarar i dag, og
det har to årsaker. For det fyrste kan det nok hende at dei som soknar til
nynorsken, vel å bruke dialekt, og ofte rettar dialekten meir etter bokmålet
når dei føler at talemålet ikkje strekkjer til. For det andre kan det hende
at det manglar unge nynorskfolk som ønskjer å arbeide med for eksempel
underhaldning og ungdomsprogram. Eg håper ikkje det er slik at dei som sit og
bestemmer meiner at nynorsk er bra til nyheiter (og dikt!), men passar dårleg
i andre samanhengar. Det kan jo yngre folk med nynorsk som hjertespråk gjere
noko med.
Oslo, Bergen,
Trondheim og Lillehammer er viktige stader i kringkastings-Noreg, byar der du
som nynorskbrukar kan få bruke hovudmålet i etermedia. Dessutan finst det jo
distriktskontor og lokalredaksjonar i heile landet, og mange stader finst det
ein god slump nynorskfolk, også utafor Vestlandet. Det gjeld mellom anna
NRK-sendingane som dekkjer Buskerud, Hedmark-Oppland, Telemark og Trøndelags-fylka.
I NRK Finnmark har det vore tilsette som bruker nynorsk, og nå har det au
dukka opp nynorsk i sendingane til NRK Austlandssendinga. Verda går framover!
I etermedia kan folk som bruke nynorsk få gjere det, om ikkje i alle
redaksjonar og programsamanhengar, så i det minste i alle landsdelar.
Mange
nynorskaviser
Så var det avisene.
Medieforskaren Øystein Sande fann ut at det vart gitt ut 65 aviser med
nynorsk som einaste eller dominerande målform i år 2000. Det er ikkje lite.
Det er faktisk over tretti prosent av alle avistitlane i Noreg. Dei fleste av
desse avisene kjem ut i vestlandsfylka frå Rogaland i sør til Møre og
Romsdal i nord, men også i Oppland, Buskerud, Telemark og Aust-Agder. Avisene
er oftast små, og står for ein liten del av det samla avisopplaget i Noreg.
Men - i tillegg blir
nynorsk brukt i store regionaviser som GD (Lillehammer), Varden (Porsgrunn),
Stavanger Aftenblad, Haugesunds Avis, Sunnmørsposten (Ålesund) og Romsdals
Budstikke (Molde). Andre regionaviser kan også ha artiklar og reportasjar på
nynorsk, som Agderposten (Arendal) og Fædrelandsvennen (Kristiansand). Vi ser
altså at nynorsk er brukt i
aviser i tre av landsdelane.
Somme av
regionavisene har nok reglar som gjer at bokmål skal brukast om stoff frå
visse kommunar, medan nynorsk skal brukast frå andre. Ikkje alle aviser har
slike reglar, og det finst også bokmålsaviser som kan la noko stoff vere på
bokmål. Ei eg studerte journalistikk saman med, fortalde at lokalavisa ho
arbeidde i i Sør-Trøndelag, let henne skrive enkelte intervju og reportasjar
på nynorsk. For somme aviser vil det at ein bruker nynorsk, vere ein fordel,
medan målforma ikkje har så mye å seie for andre.
Arbeidsmarknaden for
folk som vil bruke nynorsk i media er enda større. For det er ikkje alle som
er like interesserte i lokaljournalistikk, og da finst det ein del riksaviser
som har nynorsk i spaltene sine. Det er mellom anna Klassekampen, Nationen og
Vårt Land, og vekeaviser som Bondebladet, Folket og Folkets Framtid. Dag og
Tid og Nynorsk Pressekontor bruker ikkje anna enn nynorsk.
Opp til folk sjølv
Alle desse
avisene og kringkastingsselskapa ønskjer å prøve nye folk, og ofte gjer dei
det om sommarane. Det finst altså mange mulege arbeidsplassar for unge
menneske som vil prøve seg i journalistyrket, og vil gjere det med nynorsk
som arbeidsspråk. Bildet er ikkje så svart for nynorsken og nynorskbrukarane
som ein kan tru ut frå at journalistar ikkje får bruke målforma si i
Aftenposten, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Dagsavisen, Finansavisen og VG
Alle desse avisene ønskjer å prøve nye folk, og ofte gjer dei det om
sommarane. Det finst altså flust av mulege arbeidsplassar for unge menneske
som vil prøve seg i journalistyrket, og vil gjere det med nynorsk som
arbeidsspråk.. Det finst flust av redaksjonar som krev, ønskjer, prioriterer
eller godtek at dei tilsette bruker nynorsk i arbeidet. Men dermed er det også
opp til folk som vil arbeide i media å bruke nynorsk der dei kan. Vilje
må til.
Av Jon Peder
Vestad.
Artikkelen er
skriven for www.magasinett.no, og lagt
ut på Vestads vevstad 30. juni 2003.
|