| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 
    Vestlandskrim av godt merke

På omslaget til romanen ”Heit juice” av Kolbjørn Hauge står det at dette er ein vestlandskrim. Og det er det tydeleg. Dersom dette er ein eigen krimsjanger, skulle eg ønskje at det vart skrive mye vestlandskrim.

I ei roleg bygd på ei øy i Hordaland blir det funne eit lik. Kona til den døde skal ha reist på feire til systera si på Gjøvik, men kjem aldri dit. Lensmannsfolka og etterforskarane frå Kripos oppdagar etter kvart mye som ikkje er heilt som det skulle vere. Om lag samstundes blir eit postkontor rana, ein bil brenn, ein mistenkjeleg person blir observert – ja, det skjer mye merkeleg. Det viser seg at den døde er forgifta av arsenikk, og at gifta stammar frå ein juskartong. Men kven kan ha slik gift? Vel, sia den forsvunne kona arbeider på apotek, kan ein vel tenkje seg det. Men så enkelt treng det heller ikkje vere. Det viser seg at den døde var eit vanskeleg menneske, og han har vore i konflikt med fleire. Det finst altså motiv.

Forfattaren tek oss med hit og dit på øya, og vi blir kjende med mange menneske. Hauge er ikkje redd for å fargeleggje folk, og det gjer han på ein humoristisk og truverdig måte. Den konservative kristne lensmannsbetjenten, den lune og meir liberale kollegaen hans, den gamle småbrukaren som bur avsides, den flaskeglade karen som bur i ein båt – vi trur at dei finst. Samstundes gjer ikkje Hauge det lett å gjette seg til kva som kjem til å skje, og godt er det. Handlinga fer også hit og dit, og vi blir stadig overraska.

Dette er ikkje berre ein kriminalroman med ein overraskande slutt. Det er også ei skildring av eit Vestlands-miljø på 1990-talet, med skarpe observasjonar, ofte herleg utleverande – og med mye humor. Namnet Kolbjørn Hauge er verd å merke seg dersom ein er ute etter ei velskriven, humoristisk forteljing med brodd i.

Kolbjørn Hauge:

Heit juice

Aschehoug 1993

264 sider

 

Av Jon Peder Vestad

Lagt ut på nettet 19. september 2002

 

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |