 |
Vegane
bør vere ulike
Vegane folk tek inn i
journalistikken bør vere forskjellige. For somme passar frilansing i ungdomsåra
eller attåt andre studium godt, for andre gjer det ikkje det. Vi modnast også
på ulike måtar, og er ikkje alle like frampå eller sikre på oss sjølve.
Eg arbeider ved Avdeling for
mediefag i Volda, og har gjort det sia 1995. Eg vart også utdanna
radiojournalist her sist på 1980-talet. Og eg var ikkje av den typen som
arbeidde meg inn i media via lokalavisa, eg var rett og slett ikkje den typen.
Dei åra eg har undervist
journaliststudentar, har eg sett at studieåra også er modningsår. Mange av
studentane våre har arbeidd i media før dei kjem til oss, og skulle kanskje
da vere fiks ferdige journalistar viss det er slik at livets skule er den
beste skulen. Men - bakgrunn frå lokalavis eller nærradio styrkjer ikkje nødvendigvis
den etiske vurderingsevna, det gjev ikkje automatisk eit godt mediespråk
eller mot til å gå kritisk til verks. Dei som har erfaring, er på den andre
sida meir formsikre enn dei utan, naturleg nok, og dei sit med mye kunnskap om
handverket - men oftast med kunnskapshol.
I ei journalistutdanning er
vi ute etter blant anna å lære bort eit handverk, øve folk i kritisk
refleksjon, og gje dei eit teoretisk fundament for handverket sitt. Vi driv ei
praktisk-teoretisk utdanning, og gjennom studietida her håper vi at
studentane eit stykke på veg finn seg sjølve som journalistar. Lange
periodar med praksis sørgjer for kontakta med den norske verkelegheita, og
det er nødvendig å ha skal ein arbeide i det norske samfunnet. Likevel kan
utalandsstudium vere gode å ha.
Dei fem store norske
journalistutdanningane (Oslo, Kristiansand, Stavanger, Volda, Bodø) har ikkje
satsa særleg på det som blir kalla bindestreks-journalistikk, og det å
studere spesielle journalistiske emne i utlandet kan sikkert vere ein styrke.
Og for unge menneske med utferdstrong, sterkt ønske om å bli journalist
og/eller ikkje studieplass på dei fem nemnde studia, må det sjølvsagt vere
flott å få seg ei journalistutdanning utalands. Eg trur ikkje det gjer dei
til betre utariksjournalistar (da ville eg heller ha satsa på språk og eit
relevant universitetsfag attåt journalistikk), men dei vil kunne tilføre
norsk journalistikk nokre nye blikk og tankar. For alle, anten dei er utdanna
i Australia eller i her heime, er det den daglege gangen i eit redaksjonsmiljø
som gjer journaliststudenten til ein stø handverkar.
Av Jon Peder Vestad
Lett redigert utgåve av
innlegg på mediekritikk.no, oktober 2003. Lagt ut på nettet 28.10. 2003.
|
|