| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |
 
    Ord og ordoverleving i vågåmålet

Av Jon Peder Vestad 

Ein gudbrandsdøl skulle ikkje ha vanskar med å veta kva 'Lugum' tyder. I ei ordliste frå siste halvdel av 1700-talet står ordet skrivi slik med tydinga 'At være beqvem'. I denne ordsamlinga finn vi også uttrykket 'Klæva galin', som ikkje har noko med Kleva-gardane i Gausdal å gjera, men med å vera 'Meget forlibt' - vill etter å komma seg på kleven, soverommet ... Og adjektivet 'klevegalen' kan vel ha aktualitet i dag også. Men blir det brukt?

Edvard Storm (1749 - 1794) har skrivi ned dei to nemnde adjektiva i ei samling som inneheld over 1500 ord. Storm hadde det meste av oppveksten sin i Vågå, der far hans var prest, og hovudtyngda av orda i samlinga hans er kjende frå vågåmålet og nabodialektene. Over 200 år etter at Storm skreiv ned uttrykka, lever storparten av dei ennå, mange av dei riktignok berre såvidt.
        Det er ei utspørjing blant 45 menn og kvinner frå ulike delar av Vågå som syner dette. Dei vart intervjua i 1993 og fordeler seg på tre generasjonar; dei eldste heimelsfolka er over sytti år, mellomgenerasjonen er mellom førti og femti, og dei unge informantane er tjue år og yngre. Heimelsfolka er spurde om dei kjenner og bruker vel 220 adjektiv som Edvard Storm skreiv ned i København, truleg på 1770-talet. Adjektiva spenner frå ord som er heilt daglegdagse også for oss - som 'bein', 'kvass' og 'sint', til uttrykk som er sjeldne - 'fådd', 'handhøveleg' - eller ikkje i bruk. Adjektivet 'klevegalen' hører til den siste gruppa. 

Ein tredel klarer seg - kanskje
I kva grad adjektiva har overlevd frå 1700-talet til i dag, varierer kraftig. Litt over tjue prosent av orda er brukt av alle uansett alder, og dette er ord som er temmeleg utbreidde elles i tale og skrift. Førti prosent av orda er brukt av få (under 20 prosent) av informantane, medan 34,5 prosent blir brukt av mange (over 70 prosent) eller alle. Den informanten som bruker størst del av orda, har to tredelar (136) av dei i bruk, medan ein av dei unge ikkje bruker meir enn ein firedel (55).
        I alt er knapt ti prosent av orda ukjende for informantane, og vel ti prosent er kjende, men ute av bruk. Har åtti prosent av orda overlevd? Det er ein for enkel måte å lesa statistikk på. Eit adjektiv som 'vansissa' - vrang - er brukt av eit par eldre heimelsfolk og altså knappast i live, andre ord er det ei viss usikkerheit ved. Heimelsfolka kan ha mishugsa seg under utspørjinga og gløymt av ord som dei kjenner - eller blanda saman ord. Det er til dømes merkeleg at fleire i mellomgenerasjonen enn av dei eldste kjenner eit adjektiv som 'samboren'. "Som er født paa en Tiid" skreiv Storm om ordet, som jo liknar mye på substantivet 'sambuar' - og derfor kan verke meir kjent enn det er. Med sine atterhald i "tvilsame tilfelle" gjev nok undersøkinga eit ganske rett bilde av utviklinga i denne delen av ordtilfanget hos vagværane. 

Vanlege ord døyr ikkje!
Anten blir eit ord brukt av mange, eller så er det brukt i liten grad. Få adjektiv finst i ein mellomposisjon, - det vil seia at ein kan sjå kva for ord som har sjansar til å overleva i målet eller ikkje. Sagt på ein flåsete måte er det slik at til vanlegare eit ord er, til meir er det brukt!
         Lagnaden til adjektiva heng nøye saman med om dei er vanlege elles i norsk. Berre tolv av dei 42 adjektiva som er heilt ukjende eller ikkje brukt lenger, er å finne i den store Nynorskordboka (NNO). Andre vegen manglar Nynorskordboka fem av dei nittifem orda som minst halvparten av informantane seier dei bruker eller har brukt. Viss eit ord er å finne i NNO, er det langt meir sannsynleg at det har overlevd enn om det ikkje er å finne i denne ordboka. Dei fem adjektiva som NNO ikkje har ført opp, og som det er gode mulegheiter til å støyte på i Vågå, er i normalisert form 'klasut' - ihopfiltra, innvikla , 'hjelma' - frykteleg, stygg, 'krakksitjande' - ufÝr, 'terren' - iherdig, og 'habbeleg' - kolossal, merkeleg.
         Dei unge deltakarane i undersøkinga bruker vel ein tredel av orda som er undersøkt, og det er førti prosent færre ord enn dei eldste, 25 prosent færre enn mellomgenerasjonen. Det er altså mindre gap mellom ordbruken til dei eldste (folk over sytti år) og mellomgenerasjonen (40-50-åringar), enn det er mellom dei middelaldrande og dei unge - orddøden skyt fart. Hos dei seks unge som bruker aller færrast av adjektiva i undersøkinga,  er det berre funne to ord med klart dialektpreg, det vil seia som ikkje er funne i Nynorskordboka, 'hjelma' og 'klasut'. Kring ein firedel av adjektiva desse seks bruker, har eit visst dialektpreg. Dette er ord som 'gild', 'lugom', 'skyld' (i slekt med) og 'snøgg', ord som er temmeleg vanlege, men som likevel ikkje er gjengs i alt norsk talemål. Resten av adjektiva desse seks seier dei bruker, er heilt allmenne i norsk. Dersom dette kan fortelja noko om utviklinga av ordtilfanget i Vågå framover, må det vera at ordtilfanget blir kraftig standardisert, med skriftspråket - særleg det eine - som norm. I framtida vil ein da vanskeleg kunna identifisere ein vagvær - eller norddøl - ut frå kva ord han eller ho bruker. Andre drag ved dialekta må syne det. 

'Gløgg' og 'feig' før og nå
Det at særmerkte ord går ut av bruk, skjer over tid og følgjer ikkje heilt generasjonsgrensene. Eit par av dei middelaldrande heimelsfolka bruker eksempelvis fleire av orda i undersøkinga enn gjennomsnittet av dei eldste. Det finst også middelaldrande med eit "ungdommeleg" ordforråd, men generasjonsskilnadene er likevel ganske tydelege. Ja, dei er så tydelege at ein må tru at eldre og yngre vagværar kan ha problem med å kommunisere i blant.
         Adjektivet 'gridug' vil ikkje bli forstått av mange på Lillehammer, og kanskje heller ikkje av så mange av dei som bussar frå Vågå for å ta vidaregåande utdanning på Otta. Alle eldre vagværar veit at det å vera 'griog'er å vera tidleg oppe om morgonane, - berre éin av dei unge heimelsfolka i undersøkinga bruker ordet. Det forsvinn etter alt å dømme med mellomgenerasjonen. Det same gjeld 'ålæt' - altetande, som fjorten av dei femten middelaldrande heimelsfolka nyttar, men som ingen av dei unge tek i sin munn. Ordet er avlagt og dømt til å døy.
         Men også dei som er gamle i Vågå i dag, har vraka ord. Mange gamle kjenner ordet 'mjog', som tyder slank, tom, mjuk, men berre éin av dei bruker det. Tresaker som er 'fernissa' finst det overalt i landet, og dette ordet kan tyde glattsmurd, lakka, polert. Éin middelaldrande informant kjenner ordet, medan berre fire av dei femten heimelsfolka over sytti år har ikkje hørt ordet. Seks av dei bruker det, med uttalene 'fanissa' og 'farnissa'. I foreldregenerasjonen deira att må det ha vore gjengs i vågåmål, og få av dei som er gamle i dag har teke det i bruk. Eksempla kunne ha vore fleire. Dei som trur at orddøden dukka opp i Noreg omtrent samstundes med fjernsynet, må tru om att.
        Det er ikkje berre ord som døyr, men også tydingar. For ein 100 års tid sia kunne 'gløgg' brukast om menneske som såg godt, eller om vekter og andre innretningar som var finstilte. Somme eldre vagværar kjenner og nokre få kan også av og til bruke desse tydingane framleis, sjølv om adjektivet nå har ei anna gjengs tyding i vågåmål, som i norsk elles. Også adjektivet 'feig' har mista ei tyding - det å vera nær døden, ha døden i kroppen. Dette var den einaste tydinga i norrønt, og er velkjend blant eldre og middelaldrande vagværar. Men å seia 'feig' for det å ha døden i kroppen er det knappast nokon som kjem til å gjera når den eldste generasjonen er borte.

Er ikkje vagværane 'åtfinnuge' lenger?
Stikkord som skule, media, auka flytting og ferdsel kan forklare standardiseringa iog normaliseringa av ordforrådet i vågåmål som i andre dialekter, men fortel ikkje alt om korfor ord døyr. Ei samanlikning mellom uttrykk som hentar innhaldet sitt frå vêr og natur, humør og liv og virke på gard, viser at "gardsorda" i langt stÝrre grad enn ord frå dei andre to gruppene har forsvunne. Ikkje berre har gardsdrifta vorte ei heilt anna sia Storm si tid (sjølv om kyrne framleis gjev mjølk), men det er også færre som bur og arbeider på gard i dag. Ord døyr fordi dei er uaktuelle - i ei tid der alle kan lesa, er det til dømes ikkje behov for eit uttrykk som 'brevsynt' - alle er det jo!
         Men også ord med det ein skulle tru var aktuelt innhald blir borte. Det viser seg at over halvparten av dei orda som har gått ut av bruk eller er i bruk av få, er adjektiv som skildrar menneskelege kjensler og eigenskapar. 'Klevegalen' er eit slikt ord, og kva med 'åtfinnug', som kan omsetjast med kritisk? Vagværane har etter alt å dømme neppe vorte mindre 'åtfinnuge' sia Storm levde, men dette ordet har lita støtte i normalmåla, og forsvinn med den eldre generasjonen. I denne gruppa ord finn vi også 'fegen'  ("inderlig fornøyet" hos Storm), 'sæl' ("salig, lyksalig") og 'uhag' ("uhændig"). Desse adjektiva er alle å finne i NNO og mindre ordlister, og har ei viss utbreiing i norsk. Men likevel - dei overlever ikkje sjølv om innhaldet er aldri så aktuelt.
         Det er muleg at adjektiv for menneskelege kjensler og eigenskapar har vorte ekstra utsett for konkurranse frå andre adjektiv, mellom anna frå media - og at dei tradisjonelle uttrykka tapar. Filmar, romanar og diskusjonsprogram kan ha vore med på å standardisere ordbruken på dette feltet meir enn andre innhaldsfelt. Orddøden til dei "menneskelege" adjektiva treng ikkje berre skuldast den standardiseringa som er nemnt, men også at dei er utsette for slitasje. Slike adjektiv kan rett og slett miste saft og kraft, bli brukt opp! Og så dukkar det opp eit anna, heilt overraskande moment... 

Stutte ord er seigliva
Sjå på desse orda: 'gild', 'linn', 'ljos', 'låk', 'nett', 'skral' og 'snÝgg'. Kva har dei felles, bortsett frå at dei er adjektiv? Jau, dei er brukt av alle deltakarane i undersøkinga, er godt kjende også elles i norsk, og dei er alle einstava. Det viser seg nemleg at dei stutte adjektiva i langt stÝrre grad enn lengre adjektiv har overlevd frå 1700-talet til i dag - og ser ut til å klare seg vidare. I snitt er 70 prosent av dei einstava adjektiva framleis i bruk,  medan adjektiv som ender på 'al' (som 'frostal' - frosen av seg) er nede på 27, og adjektiv på 'sam' ('sutresam') blir brukt av 13,7 prosent. Dette let seg forklare.
         Dei 54 einstava adjektiva i undersøkinga er oftare enn andre å finne i Nynorskordboka. Dermed kan vi gå ut frå at dei har stor utbreiing i skrift og eller tale. Som gardsnamna Bø, Li, Vik osv er dei stutte, og dei fleste har truleg vore brukt hos oss sia norrøn tid. Vi kan seia at mange av dei einstava adjektiva er grunnomgrep som ein treng for å uttrykke seg i eit språk. Dei djupe røtene deira i norsk kan gjera at orda i store delar av landet er like presise eller upresise i kva dei kan brukast om, og dermed blir dei mindre utsette for konkurranse frå andre uttrykk. Det at dei er stutte fører også til at det ikkje finst så mange måtar å uttale dei på, orda blir forstått, og behovet for å leggje vekk orda fordi dei er "rare" eller "uforståelege" for folk med ein annan dialektbakgrunn er lite. Nå viser det seg at ein del av dei einstava adjektiva har fått eit delvis anna innhald sia 1770-talet, men det har også skjedd med dei fleirstava.
         Det er fleire sider ved lengre ord som gjer at dei kan vera meir utsette for orddød enn dei stutte. Adjektivet 'hardnuggen' er brukt av så å seia alle eldre og middelaldrande informantar, medan berre fem av dei unge kjenner ordet, og to av dei bruker det. Den mest vanlege uttala i vågåmål er 'halnujé' - med tjukk l, og førestavinga 'hard' byr ikkje på problem. Etterstavinga 'nujé' for 'nuggen' er verre. For det fyrste gjev neppe 'nuggen' noka meining for dei fleste av oss, og om så er, må ein kunna tenkje seg til eller veta at 'gg' føre ein e blir uttala j i vågåmål. Dernest er dette uttrykket ein variant av 'hardnuven', som vi finn i Nynorskordboka, men som ikkje akkurat er eit ord folk møter ofte. Med andre ord har 'hardnuggen' ei spesiell uttale og uttrykket er utan støtte i normalmål. Men ordet har også innhald, og kan mellom anna tyde vanskeleg, uthaldande og flink, og det vil seia at det lett kan bli skifta ut med andre uttrykk som er lettare å forstå utafor Nord-Gudbrandsdalen. Det skjer. 

Kjønnsrollemønsteret viser seg
Dei 45 informantane i undersøkinga kjem frå alle delar av Vågå, og har ulik yrkesbakgrunn. Fordelinga mellom menn og kvinner er så lik som ho kan vera - det er med 22 kvinner og 23 menn. Sett under eitt påverkar kjønn bruken av orda i liten mon, og kan ikkje reknast som nokon avgjerande faktor. Det passive ordforrådet ser riktignok ut til å vera noko større hos menn enn hos kvinner, men skilnadene er små. Det er også ein tendens til at unge menn kjenner og bruker fleire ord enn unge kvinner.
         Kjønnsskilnadene kjem tydelegare fram når ein ser på kva slags  ord menn og kvinner kjenner og bruker. Til saman er det spor av kjønnsskilnad i ordkjennskapen ved 33 ord, og dette er cirka femten prosent av materialet. Av "mannsorda" kan ein dra fram 'handhøveleg' som tyder praktisk, 'terren' - iherdig, 'hardbalen' - som toler mye, 'hardnuggen' - vanskeleg - og 'illrusken', som kan tyde bakfull...
        Ord som kvinner i større grad enn menn nemner kjent, er mellom andre 'skripen' - kjælen, heimkjær, 'strunk' - flott, 'frostal' - frosen av seg, 'skrællen' - ved dårleg helse og 'snurten', som kan tyde både velkledd og sur. I stor grad følgjer "manns- og kvinneorda" gamle kjÝnnsrollemÝnster, og dei er også å spore hos dei unge informantane. 

Bakgrunn uviktig for dei unge
Tradisjonelt har ein rekna med at ungdom som bur i utkantar har eit meir gammaldags språk enn ungdom i sentrumsområde. Det har også vorte rekna med at tilknyting til gardsdrift kan verke konserverande. Denne undersøkinga av ordforrådet i vågåmålet syner at korkje bustad, gardstilknyting eller innflyttarbakgrunn hos dei sjølve eller foreldra har noko å seia for i kva grad dei unge bruker dei "gamle" adjektiva. Det at ein kjem frå gard, treng ikkje bety at ein veit at 'trena' er det same som 'stiv, innturka'. Uansett bakgrunn lever unge vagværar i 1990-åra i ei verkelegheit som krev og gjev omtrent det same ordforrådet.
         Hos mellomgenerasjonen viser det seg at dei som driv gard og/eller ikkje bur i sentrumsområde, bruker fleire av orda enn jamaldringane i sentrum og folk utan gardstilknyting. Det er også ein tendens til at innflyttarbakgrunn hos informantane har noko å seia for denne gruppa. Det viser at 40- til 50-åringane i Vågå har vakse opp med ulike behov og forventningar til ordkunnskap. Hos dei eldre heimelsfolka er det klart at gardstilknyting ikkje påverkar ordkjennskapen, og det kan bli forklart med at dei alle har vakse opp medan Vågå var ei temmeleg homogen jordbruksbygd.
         Alt i alt speglar generasjonsskilnadene tre utviklingstrinn i Vågå i dette hundreåret: fyrst som eit temmeleg einsarta bondesamfunn, deretter som eit samfunn på veg frå det einsarta, men der mange likevel har levd i eit bondesamfunn. Dagens unge vagværar har så vakse opp i ein kommune med eit variert næringsliv og eit nytt, mangfelt likevektspunkt.
        Det språket dei unge ber med seg inn i framtida er nok alt i alt ikkje fattigare enn det språket som har vorte brukt i Vågå før - tenk på alle orda som har komme til! Men likevel - om lag sytti prosent av dei adjektiva Edvard Storm skreiv ned for rundt 220 år sia, er ikkje i bruk av dei som bestemmer korleis "gammaldags" vågåmål er om femti år. Utskiftinga i ordforrådet er dramatisk, og for somme av oss også tragisk. Med alle uttrykka som blir borte, forsvinn historie, nyansar og ikkje minst - mye av det som har gjort vågåmål til vågåmål. Er ikkje 'klevegalen' eit lugomt ord, da?
 

Kronikken sto på trykk i Gudbrandsdølen Lillehammer Tilskuer 22.10. 1994. Han byggjer på avhandlinga "Ord og år. Adjektiv frå 1700-talet hos tre generasjonar vagværar i 1990-åra", skriven av artikkelforfattaren og levert som hovudoppgåve i nordisk ved Universitetet i Oslo hausten 1994.


 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |