 |
Ut
i verda
Stundom
kan vi lese om dei tyske byane Cologne og Munich, om østerrikske Vienna, og
dei italienske Venedig og Neapel. Dei tre første blir brukt i engelsk, dei to
siste i tysk, men desse namna blir ikkje brukte i dei landa der byane ligg.
Som
norske vil vi seie og skrive Køln, München, Wien, Venezia og Napoli, som dei
innfødde der, men det er kanskje berre fordi vi er eit lite folk med eit lite
språksamfunn. Det er helst dei store nasjonane som har valt å skrive
framande namn på sin måte, så kan dei sære utlendingane berre seie kva dei
vil
Ikkje
France på norsk
Men
også på norsk har vi eigne variantar av utanlandske namn: Frankrike og
Tyskland er fellesskandinaviske namn, Færøyane er sjølvsagt norsk, for
ikkje å snakke om De forente stater eller Sambandsstatane. Men vi har
likevel, saman med andre nordiske land, ein hovudregel om at utanlandske
geografiske namn så langt råd skal ha same forma som er brukt i vedkommande
land. Men dette blir sjølvsagt vanskeleg i heilt framande land og verdsdeler,
med andre alfabet. India heiter i grunnen ikkje India i India, og vi kan også
vanskeleg skrive Kina på kinesisk.
Det
er lettast å følgje denne regelen når det gjeld delar av verda som har vårt
alfabet, og med språkdominans av til dømes engelsk eller spansk. Men også
her kan det vere fallgruver: Vi skriv altså Canada, men kvifor skriv vi så
kanadiar og kanadisk? Sjølvsagt fordi kanadiar og kanadisk er norske ord!
Alternativet hadde vore Canadian
By
i Belgia
Kva
heiter hovudstaden i Belgia, som mange også kallar hovudstaden i Europa?
Truleg gir halvparten av norske journalistar seg straks til å leite på
tastaturet sitt etter teiknet eller bokstaven ü.
Nokså unødvendig. Rett nok heiter byen også Brüssel, men strengt
rekna er det i grunnen berre på tysk. På fransk heiter det Bruxelles, på
flamsk/nederlandsk Brussel, og dette er dei to store offisielle nasjonalspråka
i landet. Det tredje er tysk, som blir brukt av eit ørlite Det enklaste
alternativet frå vår synsvinkel må vel vere nettopp Brussel, utan tøddel.
Av
Bjarte Alme
Lagt
ut på nettet 9. august 2002
|
|