Her finn du fleire bilde
frå India:
Mitt
India
Indisk
kaffi!
Taj
Mahal
På
handletur i India
Blikk
inn i indisk politikk
Les også:
All
India Radio - stor dekning og få (?) lyttarar
Vanskeleg,
men muleg å skrive kritiski Kodagu Front
Volda-Mangalore
1-1
I
hinduistavisa Hosadigantha
Frå
frigjeringsmiddel til pengepresse
Spåmann:
-Du blir aldri rik
Ymseposten
er eit magasin
med artiklar om alt frå Volda til verda.
Bokinnsynet inneheld
små og store bokomtalar og anna bokstoff.
Mål og middel er
ei samling fagartiklar om språk og media.
Privaten er den minst
journalistiske og faglege delen av Vestads vevstad.
Stabburet
inneheld stoff som absolutt er forelda. |
Trafikkfaren
i India
Er det noko ein verkeleg
kan vera redd for i India, er det trafikken. Respekten for trafikkreglar
ser ikkje ut til å vera spesielt stor, men indiske sjåførar
veit kva dei kan gjera og ikkje. Som oftast, da. Men den viktigaste dødsårsaka
for unge indarar, er trafikkulykker. (Seks bilde)
Her har sjåføren
kanskje måtta svinge til sides, og greidde å stoppe mellom
to strømstolpar. Denne gongen gjekk det nok bra, men det var mange
vrak å sjå langs vegane. Mellom Delhi og Taj Mahal såg
vi utbrebde vrak, totalhavarerte bilar og påkjørte,
dyr, for å nemne noko. Det er ikkje så rart, sia vi til dømes
opplevde at det kom hestevogner og traktorar kjørande mot oss på
einvegskjørt veg...
Promenadegata i IT-byen Bangalore
i sør-India har eit etter måten ryddig trafikkbilde, iallfall
sett med auga til ein bilist. Å vera fotgjengar er ikkje særleg
lett, her heller. Denne gata kan forresten minne om Drammensveien i Oslo,
både av utsjånad, biltypar i gatene og dei butikkane som finst
her.
I Mysore, som også
ligg i sør-India, er nok trafikkbildet meir som det bruker å
vera i indiske byar. Her stampar bilane seg fram mellom fotgjengarar, motorsykkeldrosjer,
fotgjengarar og ein og annan sykkelen. Bildet er teke frå den einaste
restauranten eg var på som serverte så sterk mat at det gjekk
ut over mageforma...
På torget i Mysore
står motorsykkeldrosjene på geledd og ventar på kundar.
Det er plass til utruleg mange i ei slik motorsykkeldrosje, men av nordmenn
går det til vanleg ikkje meir enn tre. Det humpar!
Dette er ein stolt lastebilsjåfør
som vi møtte på vegen frå Taj Mahal til Delhi. Vi får
tru han var vaknare enn sjåføren vår, som heldt på
å sovne. Vi anstrengde oss for å snakke med han slik at han
skulle greie å halde auga oppe og bilen på vegen. Grunnen til
trøyttheita var at han kom rett frå ein langtur i Himalaya
da han vart pålagd å kjøre oss av bossen.
Både sykkel- og hesteskyss
er det råd å få. Denne hesten frakta oss frå Gandhi-museet
til kjøttmarknaden i Delhi.
Tekst og bilde: Jon Peder
Vestad. Bilda er frå oktober/november 1998, og er lagde på
nettet i juni 2000.
|
|