| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |
 
Kommunen vil berge Toten-målet 

"Å vara hæll itte vara totning - å vara hæll itte vara i væla" kan ungdom i Østre Toten skrive om som eitt av tiltaka for å bevara totenmålet levande. Ungdommane kan sjølv velja sjanger, sjølvsagt på dialekt. 

Fyrstepremien i denne tevlinga er på 5000 kroner, og dei beste bidraga blir trykt. Dette skal auke bevisstheita om den lokale språkarven i Opplands-kommunen. I levekårsunderøkinga frå 1998 svara to tredelar av dei spurde at dei er stolte av totenmålet. Likevel har totenmål, som andre målføre i omlandet rundt Oslo, ikkje hatt særleg høg prestisje. Kulturetaten i Østre Toten peiker i eit skriv likevel på at bevisste dialektbrukarar som Vazelina Bilopphøggers har gitt totenmålet auka prestisje. 

Eit anna tiltak som er sett i gang, er innsamling av dialektord, som blir trykte i lokalavisa Totens blad. Ein eigen grammatikk for Toten-målet skal au skrivast, og det skal professor Jan Terje Faarlund stå for. Faarlund kjem frå Toten, og er professor i nordisk språk. Denne grammatikken skal ta for seg lydverk, ordbøying, pronomenbruk og andre språkdrag frå målføret, og skal leggjast ut for sal i år 2001.

Med desse tiltaka håper kulturetaten i Østre Toten og språkinteresserte i kommunen å styrkje dialektbruken mot utvatning. Som mange andre austlandsmål, er Toten-målet utsett for påverking utafrå- Det skjer mellom anna gjennom innflytting og media, og som fører til ei   utvikling i retning av ei overregional dialektnorm på Austlandet.   

JPV. Lagt ut 1.7. 1999 
   

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Radioordlista | Lesarbrev |