|
Språkleg toleranse
Det er ikkje noko nytt
at det er strid om språk i Noreg. Rett som det er får vi høyre
at det er unødvendig med sidemål, at det er for mykje nynorsk
i media, og at det kostar å ha to målformer. Språksituasjonen
i Noreg er spesiell, men uroa kring språk har parallellar i mange
andre land.
Når det kjem framlegg
om å fjerne sidemålsundervisninga til dømes i Oslo-skulane,
er det eitt av fleire utspel som bør vurderast ut frå to omsyn.
Det fyrste er den språksituasjonen vi har i landet vårt, og
det andre er kva syn ein har på mangfald og toleranse.
Den norske språkstoda
er spesiell, akkurat som språksituasjonen i alle andre land er det.
Vi har ei språkleg historie med to jamstelte målformer og mykje
bruk av dialektar. Om Trondheim var hovudstad eller Dagblad-grunnleggjaren
Hagbart Berner hadde brukt landsmål i avisa si, kunne språkstoda
ha vore annleis. I andre land er den språklege verkelegheita ei anna,
men ikkje nødvendigvis mindre problematisk eller kostbar. Irane
har irsk (gælisk) som fyrste nasjonalspråk, og alle må
lære noko irsk, som eit fåtal bruker til dagleg. I Sør-Tyrol
lever tysk og italiensk side om side – men ikkje alltid i fred. Slik er
det også med fransk og flamsk i Belgia. I Finland er svensk nasjonalspråk
attåt finsk, og ein parallell til arbeidet mot sidemålet i
Noreg, finn vi i striden kring ”tvångssvenskan” i finske skular.
Men dette er land med heilt
ulike språk, kan ein innvende. Ja, men vi finn også land der
vi har eit dominerande nasjonalspråk, og eit anna språk ved
sida av som er i slekt med fleirtalsspråket. I Estland blir det arbeidd
for Võru-Setu-språket, som er ein variant av riksestisk. I
Latvia finn vi ein parallell i latvisk og latgalisk, også kalla høglatvisk.
Frå Skottland kjenner vi til engelsk og det lite utbreidde skotsk-gælisk.
Men vi finn også eit eige skotsk språk, som høyrer til
den vestgermanske språkfamilien, lik engelsk. Det blir nytta av kanskje
meir enn 1,5 millionar menneske, men lite i skrift, og den skotske målrørsla
arbeider for å styrkje bruken av språket. I Nederland er frisisk
morsmål for om lag 350 000 menneske. Desse eksempla kan minne noko
om stoda i Noreg.
Den verkelegheita vi lever
i, syner at om lag ein halv million av oss bruker nynorsk. Det er ikkje
noko lite tal, og for mange er nynorsk ein del av identiteten. Bokmål
og nynorsk er jamstelte målformer, og om lag ein firedel av kommunane
har nynorsk som administrasjonsspråk. Og viss ein skriv til det offentlege
på bokmål, skal ein få svar på bokmål, eller
på nynorsk om ein skriv på nynorsk. Altså: Mange bruker
nynorsk, og mange får bruk for nynorsk i arbeidslivet.
Somme vil styrkje norskfaget
ved å lære elevar mindre om norsk, - fordi ein del elevar er
dårlege i bokmål, skal dei sleppe å lære nynorsk.
Det går an å forstå argumentasjonen, men samstundes må
ein hugse at ein del av dei som i så fall ikkje lærer nynorsk,
seinare må bruke nynorsk om dei ønskjer å arbeide i
det offentlege. Å fjerne sidemålet vil seie at ein tek frå
dei ei moglegheit til å lære noko dei kan få bruk for.
Samstundes er det mogleg at ein i framtida ikkje stiller krav til at folk
i visse situasjonar må bruke bokmål eller nynorsk. Da er det
jo ikkje så farleg med sidemålsundervisninga – les: nynorsken.
Det vil kunne redusere nynorsk frå å vere eit språk som
skal kunne brukast i heile riket, til eit regionspråk. Dermed rører
vi ved kjernen i språksituasjonen i dag – jamstellinga mellom målformene,
og dei rettane det gjev både bokmåls- og nynorskfolk over heile
landet. Ønskjer ein å fjerne jamstellinga vi har hatt sia
1885, bør ein seie det.
På same måte
bør det kunna bli sagt rett ut korfor det akkurat er sidemålsundervisninga
ein ønskjer å fjerne. Sidemålet tek tid,
men det gjer andre emne også. Innslaget av mediekunnskap har etter
kvart vorte stort i norskfaget. Kan mediekunnskapen skiljast betre ut?
Er det for mange emne i skulefaga generelt, er problemet eigentleg alle
oppgåvene skulen må fylle? Livssynsundervisning, kunne ikkje
det vore eit ansvar som låg til foreldra og livssynssamfunna? Ein
kan stille slike spørsmål, og kanskje finne andre moglegheiter
enn å snevre inn undervisninga i norsk. Og dersom det er sjølve
undervisningsforma i norsk det er noko gale med, ikkje emnet (nynorsk),
ville det vel vere naturleg å satse på å utvikle betre
undervisningsmetodar? Frå mi eiga skuletid veit eg at det var mykje
vi måtte gjennom i naturfag- og matematikktimane som eg aldri har
fått bruk for (eller likte), men andre hadde nytte og glede av det.
Dersom nytte i sterkare grad skulle prege læreplanene, bør
det også kunne drøftast. Men det er altså sidemålet
som må vekk.
Sjølv hadde eg bokmål
som hovudmål. Det var ikkje eg som valde det, men samfunnet som valde
for meg. Både i Gausdal og Molde, der eg gjekk på skule, var
bokmål hovudmål. Båe stadene vil eg seie at målføra
ligg nærast nynorsk (sjølv om nok ikkje alle i Molde er einige
med meg!). Utan sidemålsundervisninga hadde eg truleg ikkje funne
mitt språk, og andre har hatt det på same måten. Sidemålsundervisninga
opnar altså for ei reell valmoglegheit for elevar både med
bokmål og nynorsk som hovudmål. Mange nynorskbrukarar nyttar
moglegheita til å velje vekk nynorsken, og det finst au bokmålselevar
som vel nynorsk.
Eg er sjølvsagt partisk
i denne saka. Også dei som peiker på det dei meiner er ulemper
ved den stillinga nynorsken har, kan ha personlege grunnar for å
argumentere mot nynorsken. Det vil seie, argumentasjonen kan vere kledd
som noko anna: ”Nynorsk passar til dikt” (men kva er det nynorsken ikkje
passar til?) Du må gjerne vere nynorskbrukar (men ikkje her).
Språkleg mangfald er bra, men synest du ikkje at det eigentleg er
unødvendig å ha to så like språk? (Kva for eitt
må vekk?) Nynorsken må gjerne finnast (berre vi slepp å
bruke han). I sum: Ein tolererer nok nynorsken, men har vanskelegare for
å godta nynorsk praksis. I ei tid da toleranse blir sett på
som eit ideal, vil det verke merkeleg om språk skal vere unnateke
toleranseidealet.
Dersom språkpolitikken
blir lagd om, slik at jamstellinga mellom bokmål og nynorsk forsvinn
eller nynorsken får trongare kår på andre måtar,
vil det vere motsett utviklinga i andre vest-europeiske land. Både
Europarådet og EU arbeider aktivt for å styrkje bruken av og
rettane til mindre brukte språk og minoritetsspråk. The European
Bureau of Lesser Used Languages står bak ei nyheitsteneste som dagleg
fortel om språkforhold i europeiske land (www.eurolang.net). I Saterland
i Tyskland får ein endeleg lov til å ha opp vegskilt på
saterlandsfrisisk, i Finland er mange svenskspråklege varsame med
å syne at dei har svensk som morsmål, i Spania får andre
språk enn spansk (kastiljansk) betre kår. Samanlikna med t.d.
plattysk i Tyskland og skotsk, har nynorsk gode levekår. Er det viktig
å endre dette?
Likevel, også her må
vi stadig kjempe for å få og halde på rettane våre.
Det er ikkje nynorsken som er på offensiven, og det fell lett å
argumentere mot nynorsken. Å arbeide for påstått betre
norskundervisning ved å fjerne sidemålet er berre ein metode.
Ein annan måte er å gjere nynorsken usynleg, som ved å
velje å ikkje bruke nynorsk i reklame, i tv-teksting og avisspalter.
Atter ein annan måte er å gjere nynorsken til latter, t.d.
ved å peike på rare ord (alle språk har vel det?). Eg
er ikkje i tvil om at språkleg mobbing har ført folk vekk
frå nynorsken - vegen er stutt frå å snakke nedsetjande
om eit språk til å nedvurdere dei som bruker det. Nynorskbruken
kan også gjerast mindre enn han er. Sjølv har eg nok gått
inn i den store bokmålsmassen i somme statistikkar, når eg
i mi tid skulle få vernepliktsbok, førarkort eller registrere
meg som student. Også menneske med titlar og posisjonar får
seg til å argumentere mot nynorsk på eit slikt grunnlag.
Eg ønskjer at nynorsken
skal ha den plassen han har i samfunnet i dag, med toleranse og respekt
som ideal for utforminga av språkpolitikken. Eg skulle ønskje
vi slapp å forsvare språkjamstellinga, - å forsvare at
nynorsken finst og at han er ein del av norsk samtid og samfunn. Å
ønskje nynorsken vekk frå delar av samfunnslivet er ikkje
berre historielaust, men syner også eit snevert syn på kva
ein kan tolerere som fellesgods i landet vårt.
Av Jon Peder Vestad
Denne kronikken stod på
trykk i Dagbladet 15. august 2000, og vart lagt ut på nettet uredigert
28.8. 2000.
|
|