| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Les også:
Dikt om ro og vind
Dikt om tru og trøyst

Små lykketroll

Lykketroll
bortpå voll
dansar gjennom kratt.
Bitte små,
brun og grå
leikar lange natt.

Oppi blom
finn dei rom
nokre av dei små.
Andre spring
rundt i ring,
hoppar lett på tå.

Mellom strå
svart og blå
smyg seg to og to.
Lykketroll
syng i moll
bryt den trolske ro.

Natta svinn,
lyset vinn.
Alle finn sitt bol.
Under stein
ein og ein
spring for morgonsol.
 
 

Om mus og brus

Det var ein gong ein kattepus
som var så veldig glad i brus.
Han sette flaska på sin trut
og saug og slo all brusen ut.

Nett då så kom ei musemor
i saman med ein musebror.
Dei smatt så redd i flaska inn
for denne kattefienden sin.

Og katten fræste gong på gong,
men snart så vart den annan song.
For sistpå stakk han halen inn,
då beit dei vondt uvennen sin.

Men katten han var lur som få.
For musene han ville nå,
han rulla flaska rundt i ring
med to små svimle arme ting.

Brått ut så spratt han musebror
og etter kom ho musemor.
Dei fauk på katteryggen opp
og beit seg fast i varme kropp.

I hast sprang jegerkattepus
forbi eit farleg hundehus.
Men då sprang musene så kry
av katteryggen trygt i ly.

For hunden jaga katten vekk
han sansa ikkje minste kvekk.
Oppi eit gamalt tre det bar
med snille, stygge kattefar.

I glede song eit musekor
frå eldstemann til kosebror.
Og alle drakk dei musebrus,
men -  snill vart gamle kattepus - !

Av Leif Bjørn Steinar Vestad
Lagt ut på nettet 7. desember 2000
 
     

 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |