|
Tidleg
teknisk ordliste på nynorsk
Eitt
av argumenta som vart brukt mot nynorsken dei fyrste tiåra, var at målet
mangla ord og uttrykksmåtar på ein del felt. Særleg gjaldt det abstrakte
fenomen og ulike vitskapar. Lokalhistorikaren Ivar Kleiven frå Vågå gjorde
noko med dette.
Eit
språk blir utvikla på dei felta der det blir nytta, og tilsvarande uutvikla
på område der det ikkje blir brukt. Det er klart at dei som kjempa fram
nynorsken, måtte finne fram til eigna uttrykksmåtar utan nokon tradisjon å
stø seg til. Ivar Kleiven gjorde sitt. I 1902 sende han inn ei teknisk
ordliste til Foreningen til Norske Fortidsmindemærkers Bevaring, Tekniske ord
fra Vaage. Denne ordsamlinga inneheld over 160 oppslagsord, dei fleste om
byggjeverksemd og interiør. Orda er skrivne på dialekt, og forklaringane er
på dansk. Her finn vi ord som er velkjende i dag, som ås (Aas) om
berebjelke, og uttrykk som nok er borte. Det var Kleiven klar over, og derfor
er nokre av forklaringane skrivne i fortid, andre i nåtid. Vi kan ta to døme.
Kleiven
føre opp verbet me'(d)adraagaa, skrive meadrågå på
"moderne" vågådialekt. Dette ordet blir forklart slik: "at
optrække en Linje med Me'(d)en paa hver af Stokkens sider, hvorefter man med
Øksen fældte den ned paa den underliggende. Gulve huggedes ogsaa sammen paa
denne Maade, idet man brugte Me'(d)en og Øksen i stedet for Langhøvl."
Ein me(d) var eit verkty av jern ein brukte for å merke tommarstokkar med i
endene, ein tømmergaffel. Dette er eit nøyaktig faguttrykk som fortel om ein
heil operasjon, og det syner absolutt evne til å samanfatte og abstrahere
fagkunnskap.
Eit
anna ord er substantivet Aatsugu, ei åtsugu. Kleiven forklarer at det
kjem "af Sog (som han ikkje forklarer), deraf suga A. = en Maade at
forbinde to stykker Træ, Jern o.l paa." Utan å gå i detalj, syner
Kleiven at vågåmålet har eit omgrep for samanføying. Verbet kinnbeine
fortel at vagværane brukte språkbilde i fagspråket sitt. Å kinnbeine var
nemleg "at afglatte, "studse" eller afrunde de indvendige
skarpe kanter af Laftehuggene i Husets Hjørner.". Og lafting er det
fleire oppslagsord som viser til.
Eksempla
kunne ha vore mange fleire, og ei viser til berre eitt av mange område der
vagværane som andre dølar hadde utvikla ein nøyaktig fagterminologi for. Og
Kleiven skreiv ikkje dette som fagmann, men som bondegut og bygdebuar. Fagfolk
ville ha kunna gjort ei slik liste mykje meir omfattande, men Kleiven var den
som synte nokon i utomverda at dølane hadde slike tekniske faguttrykk. I dag
kan det verke kuriøst og spinkelt, men dette skjedde i ei tid da slike bevis
på nedervd fagkunnskap var ettertrakta anten det var i utviklinga av
Noreg eller nynorsken.
Kjelde:
Kleiven,
Ivar: Tekniske ord fra Vaage. Frå Artiklar av Ivar Kleiven. Målbruken hans.
Bibliografi. Dølaringen, Vågåmo 1991
Av
Jon Peder Vestad
Lagt
ut på nettet 21. april 2004
|