| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet | Privaten | Lesarbrev |
 

Stoltenbergs dødelege metaforar

Vi må bekjempe terroren og ta det onde ved roten”, sa Jens Stoltenberg dagen etter angrepet på World Trade Center. Stoltenberg seier langt meir enn han sjølv forstår. Metaforane hans er dødelege.

I ei berømt analyse av retorikken brukt under Golf-krigen, seier George Lakoff (1991) at diskursen kring (føreståande) militærkonfliktar i Vesten typisk sett tek form som ei klassisk eventyrforteljing: ”Eit brotsverk vert gjort av skurken mot eit uskuldig offer(typisk eit overfall, tjuveri eller kidnapping)....[som] skapar ein moralsk ubalanse. Helten samlar hjelparar eller bestemmer seg for å gå åleine. Helten ofrar seg, han gjennomgår vanskar, typisk må han gjere ei heroisk reise, gjerne over havet til eit farleg område. Skurken er gjennomgåande ond, kanskje endå til eit monster, og ’snakke fornuft’ med skurken er umogleg. Helten har difor ikkje anna val enn kamp. Helten overvinn skurken og reddar offeret. Den moralske balansen er gjenoppretta. Sigeren er sikra. Helten, som alltid handlar ærefullt, har bevist sin manndom og oppnådd ære. Offera som vart gjord var ’verdt det’.”

I Golfen var USA helten, Kuwait offeret og Saddam Hussein skurken. Slike metaforar og forteljingar er, i fylgje Lakoff, korkje uskuldige eller ufarlige. Dei fungerer som (nesten) uimotståelege analogiar, som styrer våre tankar i bestemte retningar.

Som Lakoff påpeiker, er slike forteljingar asymmetriske: helten er modig og moralsk, skurken er ond og umoralsk. Helten er rasjonell, men skurken – om kynisk og kalkulerande – kan ikkje ”snakkast fornuft” med. Helten må overvinne skurken i kamp. Dette kallar Lakoff SKURKEN-SOM-DEMON-metaforen. I Golfkrigen (og seinare i Bosnia) var denne metaforen ei viktig legitimering av militære aksjonar frå USA/NATO si side. Ein annan viktig metafor i denne krigen var KRIG-SOM-MEDISIN. Her vart ”skurken” sin militære kontroll over eit område sett på som ein kreftsvulst (med fare for spreiing). Militære operasjonar er etter denne metaforen ”hygieniske”, dei skal ”reinske ut” fiendens stillingar. Bombing = kirurgi, USA = Verdens Lege. Norge = Verdas operasjonssjukepleiar.

Metaforar ”fangar” våre tankar: dersom vi fyrst godtek biletet av Saddam som ein kreftsvulst, så er kreft og kreftbehandling ei dramatisk forteljing som vi alle kan leve oss inn i. Og ved å redusere ei komplisert politisk virkeligheit til ei enkel forteljing, gjev metaforane oss også eit ukomplisert skjema å handle etter: Vi ”veit kva som må gjerast” når kreft rammer: Augeblikeleg operasjon, ikkje diplomati og vente-og-sjå. Slik er ordvalet i slike krigsrelaterte situasjonar aldri uskuldig, men er – medvite eller umedvite – forsøk på å overtale oss til å ”ta del i metaforane”, og med det ei bestemt situasjonsforståing, og med det: godkjenne handlingar som nødvendige og legitime.

Etter det gruvekkande angrepet på World Trade Center (WTC) 11. september har president Bush presentert ei forteljing som i hovudtrekk minner Lakoff sitt eventyr, men då etter form av ein Hollywood-Western: ”Cowboyen [USA] kjem attende til huset sitt [Pentagon, WTC], og finn det i ruinar. Kona og borna er døde [dei omkomne]. Fyld av rettferdig hevntrang samlar han sine vener [Nato, Norge] og byrjar forfylgje sporet etter dei feige angriparane. Dei trur angrepet er utførd av ville indianarar [Islamske organisasjonar eller land], og den onde høvdingen .... [Osama Bin Laden] er hovudmistenkt. Dei begir seg mot skjulestaden til skurken [Afghanistan og andre ”terrorland”] for å straffe dei/han [”død eller levande”]....” (framhald fylgjer).

Dersom vi føler at USA/NATO/Norge i denne situasjonen berre gjer det ”som må gjerast” (om ubehageleg), og at det er vanskeleg/urimeleg å protestere på dei komande militære ”gjengjeldelse”-aksjonane, er ikkje dette nødvendigvis fordi vi er vorte overbeviste gjennom logisk argumentasjon. Tvert i mot: om vi fylgjer Lakoff, er det meir sannsynleg at vi tenker slik fordi vi har levd oss inn i den ”gode historia” ovanfor, og blitt fanga av forteljinga sin logikk. Vi er metaforiske tankevesen, og tenkjer mindre logisk-matematisk enn vi trur, seier Lakoff.

For å bryte med forteljinga sin tankelås er ei god øving å snu den på hovudet: USA vert då ”skurken” og Osama Bin Laden og hans assosierte er ”heltane” som med stort mot og personleg fare rettvist hemnar uskuldige ofre frå USAs mange militære operasjonar (Irak, Bosnia, Panama, Grenada etc.). Denne forteljinga er ikkje nødvendigvis mindre korrekt enn den andre. Dei er begge eventyr, metaforiske, og som dømet syner tilbyr dei to radikalt ulike fortolkingsrammer av angrepet på WTC. Begge klargjer (tilsynelatande) kven som er heltar og skurkar, og rettferdiggjer massive angrep på sivile med basis i eit hemnmotiv.

Er USA heltar eller skurkar? Vi treng ikkje, og skal ikkje velje mellom desse to forteljingane. Tvert i mot: Vi må forsvare oss mot dei. Dette krev fyrst av alt eit auka medvit av desse som forteljingar: forvridde, forenkla, perspektiverte framstillingar av ei komplisert virkeligheit. Vidare krev det ei konstant retorisk mistenksomheit: Kva metaforar / forteljingar er valde (eller ikkje valde)? Kvifor? Med kva effekt/gevinst? Til dømes: Kvifor vert hendinga omtalt som eit ”terroristangrep” eller eit ”krigsåtak”? Kvifor ikkje som ei ”grov kriminell handling”? (eg overlet til lesaren å svare).

Stoltenberg (og også Jagland) har i sine kommentarar etter angrepet på WTC klokleg unngått  ei enkel gjenforteljing av Bush si cowboy-historie. Forteljingar og metaforar er berre effektive i den grad vi deler dei kulturelle kodene, og ein Stoltenberg i språkleg cowboydrakt ville for oss berre virke latterleg (og ikkje så lite skummelt). Hans omtale av gjerningsmennene som ”onde”, ”fanatiske” og ”terroristar” er likevel ordval som syner at Stoltenberg lever seg inn i denne forteljinga og støtter den bærande metaforen: SKURKEN-SOM-DEMON. Angriparane vert framstilte som onde og irrasjonelle menneske, blinde av hat og fanatisme, som uprovosert rammar (tilfeldige) sivile med mål om å skremme og drepe flest mogleg. Når norske F-16 flygarar i neste veke bomber sivile i Kabul eller Bagdad vil dette sjølvsagt derimot vere ”vanlige familefedre” som ”risikerer sine liv” for å ”sikre fred og frihet” (og måla vil garantert vere ”taktiske”).

Ved å dramatisere skilnaden mellom ”dei” og ”oss”/USA på denne måten, har han fleire skjulte bodskapar. Stoltenberg oppfordrar aktivt til framandfrykt, og ved å fornekte at mange i regionen kan ha gode og rasjonelle grunner til å ynskje skade USA (som td. dei millionar av pårørande til dei hundretusenvis som USA har drept og skada i sine krigar siste tiåra.) rettferdiggjer han USA sin bruk av militærmakt til å hevde sine politiske og økonomiske interesser utanfor eige territorium, i strid med internasjonal rett. Ved å ta blikket vårt vekk frå moglege ”årsaker” til hatet mot USA, teier han i hel alternative, ikkje-militære tiltak som kan redusere motsetnadane og problema i regionen, som td. å tvinge Israel til å trekke seg tilbake frå de okkuperte områda i tråd med FN-resolusjon 242. For Stoltenberg er krig i neste veke tilsynelatande viktigare enn fred om fem år.

Stoltenberg har i denne kritiske situasjonen hatt god hjelp av norske journalistar, som – i likheit med Golfkrigen – synest vere fanga i den dominerande forteljinga, utan av stand til tilby alternative perspektiv. Eit fyrste steg mot ein kritisk journalistikk er å reflektere over ordet ”terrorist”, og helst bør ein slutte å bruke det. Ordet seier ingen ting, banaliserar debatten, fungerer sterkt politisk passiviserande og er ein effektiv – men kanskje behageleg? - måte for journalistar å ufarleggjere seg sjølve på.

Av Jan Fredrik Hovden, september 2001

Lagt ut på nettet 18.1. 2002

     
 
| Ymseposten | Mål og middel | Bokinnsynet| Privaten | Lesarbrev |